Lawrence Hafstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lawrence Hafstad
Fødd18. juni 1904
Minneapolis
Død12. oktober 1993
Oldwick
NasjonalitetUSA
Yrkefysikar, ingeniør
Alma materUniversity of Minnesota
Johns Hopkins University
South High School
MedlemUS National Academy of Engineering

Lawrence R. Hafstad (19041993) var ein amerikansk fysikar. Han var son av norske immigrantar.

Frå 1928 til 1942 var han knytt til Carnegie Institution i Washington, D.C., der han i samarbeid med mellom andre Odd Dahl utførte grunnleggjande eksperiment innan kjernefysikken. Dei utvikla Van de Graaf-generatoren for dette bruket og gjorde nokre av dei første målingane av spreiing av proton mot proton. I 1939 påviste dei utsendinga av forseinka nøytron etter fisjon.

Frå 1942 til 1947 var Hafstad knytt til laboratoriet for bruksfysikk ved Johns Hopkins University, dei to siste åra som direktør for laboratoriet. Han var 1949–1955 direktør for Atomic Energy Commissions si avdeling for reaktorutvikling, deretter (1955–69) visepresident og ansvarleg for forskinga ved General Motors Corp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]