Odd Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Dahl

Fødd3. november 1898
Drammen kommune
Død2. juni 1994
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, ingeniør, flygar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Odd Dahl (fødd 3. november 1898 i Drammen, død 2. juni 1994 i Bergen) var ein norsk ingeniør og flygar. Trass i særs lite formell utdanning gjorde Odd Dahl ein særs oppsiktsvekkande internasjonal karriere.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Dahl deltok som flygar på Maud-ekspedisjonen til Roald Amundsen, men då flyet havarerte vart han prosessor H. U. Sverdrup sin assistent. I løpet av Maud-ekspedisjonen utvikla Dahl seg til ein særs kompetent instrumentmakar, og denne kunnskapen førte han etter ekspedisjonen var over til ei stilling i 1927 ved Carnegie Institute i Washington D.C., der han arbeidde i lag med norsk-amerikanarane Merle Tuve og L. R. Hafstad og kom tidleg med i kjernefysiske forsking. Her bygde han den til då største Van de Graaff-generator og utvikla instrument for dei første radiokortbølge-målingene av tettleiken av det som på den tid vart kalla Kennelly-Heaviside-laget i den øvre atmosfæren, som i dag er omtala som ionosfæren.

Då Maud-ekspedisjonen var over drog han på ein ekspedisjon til Sør-Amerika som han skildra i boka Med muldyr og kano gjennom tropisk Sydamerika (1927). Like etter at han hadde starta ved Carnegie foretok han ei lengre reise gjennom Irak, Persia og India. Denne reisa er skildra i boka Med bil og husbåt i Asia (1929).

I 1936 vart Dahl invitert til å komme til Christian Michelsens institutt i Bergen. Her bygde han seinare tre Van de Graaff-generatorar og ein betatron. Mellom anna bygde han ein Van de Graff-generator som vart brukt til strålebehandling ved Haukeland sjukehus, og ein ved Universitetet i Bergen for vitskapleg bruk. Anlegget på Haukeland var det til då største medisinske apparat og ein slapp å nytte radium til strålebehandling. Det vart til ved innsamla midlar av Den Vestlandske avdeling av Raudekrossen.

Han hadde den tekniske leiinga ved planlegginga og bygginga av den første kjernereaktoren, JEEP, på Kjeller og konstruerte verdas første kokvassreaktor med tungtvatn i Halden.

Odd Dahl deltok sentralt i dei innleiande internasjonale arbeidsgruppene som førte til opprettinga av CERN og han og var 1953–54 leiar for den gruppa som planla bygginga av proton-synkrontron-maskinen ved CERN-laboratoriet i Genève.

Dahl var òg engasjert i arbeidet med bruk av rakettar for utforsking av den øvre atmosfæren, og var engasjert i oppbygginga av Andøya Rakettskytefelt. Han hadde òg konstruksjonsansvar for Solobservatoriet på Harestua og Haldenreaktoren.

Privat[endre | endre wikiteksten]

Dahl (høgre) med Oskar Omdal og Odd Arnesen

Dahl var gift to gonger. Han gifta seg med Anna Augusta Selmer Mathiesen (1904-1959), dotter av doktor Johan Berger Mathiesen (1872-1923) og Augusta Selmer (1878-1929), i 1927. Dei fekk sonen Per Dahl, som blei forskar innan akseleratorfysikk.[1]

I 1976 gifta han seg med Elisa Margrethe Munck f. Anthonisen (f. 1903), dotter av konsul Fredrik J.E. Anthonisen (1872-1963) og Marie Boe Christensen (1874-1936).[2]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Med muldyr og kano gjennom tropisk Sydamerika. Oslo: Gyldendal. 1927. 
  • Med bil og husbåt i Asia. Oslo: Gyldendal. 1929. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Festskrift til Odd Dahl. Bergen: A.S John Griegs boktrykkeri. 1968. 
  • «Odd Dahl». Store norske leksikon. 28.02.2013. 
  1. Dahl, Eleanor; Wanderer, Peter; Taylor, Tom (februar 2012). «Faces and places: Per Dahl 1932-2011». CERN Courier 52 (1): 42–43. 
  2. Holtebekk, Trygve. «Odd Dahl». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 21. juni 2013.