León i Nicaragua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
León
by
Land  Nicaragua
Departement León
Areal 820,2 km²
Folketal 174 051 (2005)
Kart
León i Nicaragua
12°26′05″N 86°52′44″W / 12.434825°N 86.878833333333°W / 12.434825; -86.878833333333
Wikimedia Commons: León, Nicaragua

León er den nest største byen i Nicaragua, etter hovudstaden Managua. Bykjernen har rundt 160 000 innbyggjarar, medan kommunen León hadde eit estimert innbyggjartal på 213 718 i 2022.[1] León har eit universitet og ei stor domkyrkje i kolonial barokkstil.

Byen ligg ved Chiquito-elva, kring 90 kilometer nordvest for Managua og kring 18 km aust for stillehavskysten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

León blei grunnlagd i 1524 ved Managuasjøen. I 1610, etter å ha blitt råka av ei jordskjelv, blei byen flytta vestover, til staden dei opphavlege innbyggjarane hadde hatt hovudstad. León var hovudstad i den spanske koloniprovinsen og seinare i republikken Nicaragua fram til 1855, Under borgarkrigen i 1978-79 var det harde kampar i byen.[2]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Citypopulation.de
  2. «León | Colonial City, Volcano, Cathedral | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 5. januar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: León i Nicaragua