Nicaragua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
República de Nicaragua

(norsk: Nicaragua, nicaraguansk)

Det nicaraguanske flagget Det nicaraguanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Salve a tí»
Motto Pro Mundi Beneficio (Latin: For the World's benefit)
Geografisk plassering av Nicaragua
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Managua
Styresett
Republikk
Daniel Ortega
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
130 370 km² (97.)
2,9 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
6 025 951 (109.)
46,2 /km² (136.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
15. september 1821
25. juli 1850
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
31 180 mill. USD (124.)
5 100 USD (140.)
Valuta Córdoba
Tidssone UTC -5
Telefonkode +505
Toppnivådomene .ni


Nicaragua er eit land i Mellom-Amerika. Det grensar til Honduras i nord, Costa Rica i sør og har kyst mot Stillehavet i vest og Det karibiske havet i aust. Nicaragua er det største landet i Mellom-Amerika i utstrekning, men har færrast innbyggjarar per kvadratkilometer. Landet har tropisk klima, men det finst regionale skilnader.

Ved folketeljinga i 2005 hadde Nicaragua 5 628 494 innbyggjarar. Valutaen i landet er nicaraguansk córdoba (NIO), som blir delt inn i 100 centavo. Nicaragua er ein republikk. Presidenten heiter Daniel Ortega Saavedra. Han var òg president i Nicaragua i perioden 1985–1990. Fleirtalet i Nicaragua er katolske kristne, 58,5 % av folkesetnaden er katolikkar. 21,6 % er protestantar og 19,8 % har ein annan eller ingen religion.

Det spanske imperiet erobra landa på 1500-talet. Nicaragua oppnådde sjølvstende frå Spania i 1821. Sidan då har landet hatt lange periodar med politisk uro, militær innblanding frå USA, diktatur og økonomiske vanskar. Dette førte til store omveltingar og revolusjon på 1960- og 1970-talet. Nicaragua er i dag ein representativt demokratisk republikk. I 1990 blei Violeta Chamorro vald til president, og var då den første kvinna som blei vald til dette embetet i Latin-Amerika.

Folkesetnaden er blanda, og består hovudsakleg av mestisar (69 %). Folk rekna som kvite er for det meste av spansk opphav, med mindre delar italiensk, fransk og tysk opphav (17 %). Resten består av små grupper marginaliserte afrikansk-ætta og urfolk. Ca. 25 % bur i hovudstaden Managua, den nest største byen i Sentral-Amerika. Språket er spansk, sjølv om nokre innfødde språk, slik som miskito, sumo og rama i tillegg til engelsk kreol, blir brukte i nokre område. Desse ulike kulturtradisjonane har påverka lokale uttrykk, slik som i litteraturen til m.a. Rubén Darío, Ernesto Cardenal og Gioconda Belli.[1] Nicaragua er i stigande grad eit populær reisemål for turistar.[2][3]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Nicaragua» skal ha blitt gjeve landet av den første spanske conquistadoren som kom dit i 1522, Gil González Dávila. Det skal vera danna av namnet til ein lokal hovding kjend som Nicarao, og spansk agua, 'vatn'.[4][5] Folket hans er også kjend som nicarao. Namnet kan visa til at det finst to store sjøar og fleire mindre vatn i området.[6] Den største blir kalla Nicaraguasjøen.

Ei anna forklaring er at spanjolar skal ha tolka ei lokal utsegn om til «Nicaragua». Dette kan vera følgjande utsegner på nahuatl: nic-anahuac, som tyder 'Anahuac nådde så langt', 'nahuafolk kom så langt' eller 'dei som kom frå Anahuac kom så langt'; nican-nahua, som tyder 'her er nahuafolket'; eller nic-atl-nahuac, som tyder 'her ved vatnet' eller 'omgjve av vatn'.[5][6][7][8]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Nicaragua

Nicaragua har eit totalt areal på 129 494 km², der 2,9 % er vatn. Det høgaste punktet i landet er Mogotón på 2 438 moh., medan San Cristóbal-vulkanen med sine 1745 moh. er den høgaste vulkanen.

Nicaragua kan grovt delast inn i tre geografiske regionar: låglandet i vest, fjella i nord, og Mosquitokysten i aust. Låvlandet består av eit fruktbart slettelandskap, og det er her mesteparten av jordbruksvarene i landet blir produserte. Dei tre største byane i Nicaragua, Managua, León og Granada, ligg alle i låglandet. Fjella i nord har eit kjøligare klima. Omtrent ein fjerdedel av jordbruksproduksjonen i landet føregår her, med kaffi som den viktigaste nytteplanta. Moskitokysten består for det meste av regnskog, og er sparsamt folkesett. Klimaet er tropisk og svært fuktig.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nicaragua har eit tropisk regnklima med varme og fuktige lågareliggande område i aust. Ein har mykje nedbør året rundt, og på søraustkysten kjem det ofte svært store nedbørsmengder om sommaren med 2500-3750 mm i løpet av eit år. Dette området er eit av dei våtaste i Mellom-Amerika. Orkanar er ein stor risiko på austkysten av Nicaragua, særleg frå september og inn i november. Dei nordvestlege høgareliggande områda er litt kjøligare og har mindre fukt. Dei vestlege områda, inkludert Managua, har meir trykkande forhold. Her er det regntid på sommaren, men med ein markert canicula i juli og august, då det kjem lite regn. Perioden frå desember og ut april er òg svært tørr. I desember og januar har ein ofte vindfulle og noko kjøligare dagar. Årstemperaturen er gjennomgåande 26–29 °C med liten skilnad mellom varmaste og kaldaste månad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlege innbyggjarar budde i området så langt tilbake som 12 000 f.Kr.[9] Urfolka som heldt til her seinare i førkolumbisk tid budde i ulike mindre samfunn mellom Mesoamerika og Andesregionane, i eit såkalla mellomområde (Intermediate Area eller Área Intermedia).[10]:33 Dei sentrale delen og dei karibiske kystområde av noverande Nicaragua var folkesette av folk som tala makrochibchanske språk.[10]:20 Dei hadde samla seg i Sentral-Amerika og vandra også til dagens Nord-Colombia og nærliggjande område.[11] Dei livnærte seg hovudsakleg gjennom jakt og sanking og av ein del fiske, og dreiv også bråtebruk.[10]:33[12][13]:65

Kristoffer Columbus kom til området under si fjerde reise til Amerika, i 1502.[10]:193[13]:92 Han utforska Mosquitokysten på atlanterhavssida av Nicaragua,[14] men møtte ingen innfødde.

Landet blei kolonisert av Spania frå 1524. Området gjekk frå spansk herredøme i 1821 og danna Den mellomamerikanske føderasjonen (República Federal de Centroamérica) saman med noverande Guatemala, El Salvador, Honduras og Costa Rica.

Mosquitokysten, med Bluefields som viktigaste by, låg under britisk herredømes frå 1655 til 1850 og under Honduras frå 1859 til 1860. Han har med visse unntak vore sjølvstyrande sidan, og er no delt mellom regionane Región Autónoma del Atlántico Norte og Región Autónoma del Atlántico Sur.

Etter ein borgarkrig blei Den føderale sentralamerikanske republikken oppløyst i 1840, og Nicaragua blei sjølvstendig. I tida som følgde involverte USA seg ofte i politikken i landet, blant anna i 1909 då dei støtta det konservative opprøret som fekk den liberale presidenten Zelaya avsett. USA okkuperte landet fram til 1933, då fleire år med opprør og geriljakrigføring leida av Sandino gjorde at dei trekte seg ut.

Frå 1936 til 1979 var landet diktatorisk leia av familien Somoza; først av president Anastasio Somoza García fram til 1956. Etter at han døydde overtok sonen Luis Somoza Debayle som president og Anastasio Somoza Debayle som leiar for nasjonalgarden. Luis døydde av naturlege årsaker i 1967 og Anastasio overtok som diktator. Somoza heldt på eit vennleg samband til USA og gav amerikanske selskap store konsesjonar i byte mot pengar. Dette blei ikkje godt motteke av den landeigande middelklassa, som tapte stort; og etterkvart samla det seg ein regimefiendtleg krins rundt Pedro Chamorro, redaktøren av avisa La Prensa.

I 1961 blei den sosialistiske organisasjonen Frente Sandinista dei Liberación Nacional (FSLN), kjend som Sandinistane, stifta. Gruppa dreiv geriljakrig mot regimet, utan særleg suksess gjennom heile 1960-talet. I 1972 blei Managua ramma av eit stort jordskjelv som gjorde omfattande skadar. Det kom nødhjelp frå utlandet, men Somoza sørgde for at oppbygginga av byen blei gjort av hans eigne selskap. Dette førte til auka motstand mot regimet, og auka støtte til FSLN. Det braut ut ein blodig borgarkrig, som enda med at Somoza og andre medlemmar av regimet flykta til USA (der han blei nekta innreise og difor drog vidare til Paraguay) og at opprørarane fekk makta i 1979. Det blei sett opp ein mellombels junta med sandinistleiaren Daniel Ortega i spissen.

Ortega blei vald til president i 1984, og sat med makta til han i 1990 tapte for ein koalisjon av borgarlege parti leidde av Violeta Chamorro. Etter Chamorro følgde så to presidentar frå det liberale partiet PLC, Arnoldo Alemán (1996), og Enrique Bolañosar (2001). I 2006 kom så FSLN tilbake til makta etter 16 år, då Daniel Ortega på nytt blei vald som president i Nicaragua.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Granada frå kolonitida er ein av dei mest vitja stadene i Sentral-Amerika.

Nicaragua er eit fattig land med låg inntekt per kapita og ei enorm utanlandsgjeld. Inntektsskilnadene er blant dei største i verda. På midten av 1990-talet tilhøyrde mindre enn ein femtedel av folkesetnaden middelklassa, og studium har vist at 60 % av inntektene gjekk til 20 % av hushalda i same periode.[15]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme er i dag den nest største næringa i Nicaragua.[16] I dei første 7 åra av 2000-talet voks turismen ca. 10-16 % årleg.[17] Veksten har ført til at inntekter frå turisme har stige meir enn 300 % over ein periode på 10 år.[18] Veksten i turismen har òg påverka jordbruk, kommersiell- og finansindustri, og dessutan bygg-og anleggsbransjen positivt. Til trass for positiv vekst gjennom det siste tiåret er Nicaragua enno det minste vitja landet i regionen.[19][20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nicaragua, Eternal Land of Poets». Elcomercio.pe. Henta 26. juni 2010. 
  2. Dicum, G (17. desember 2006). «The Rediscovery of Nicaragua». Travel Section. New York: TraveThe New York Times. Henta 26. juni 2010. 
  3. Davis, LS (22. april 2009). «Nicaragua: The next Costa Rica?». Mother Nature Network. MNN Holdings, LLC. Henta 26. juni 2010. 
  4. Everett-Heath, John (20. september 2018). «Nicaragua» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780191866326. doi:10.1093/acref/9780191866326.001.0001/acref-9780191866326-e-5289. 
  5. 5,0 5,1 «¿Por qué los países de América Latina se llaman como se llaman?». Ideal (på spansk). 29. juli 2015. Henta 12. april 2017. 
  6. 6,0 6,1 Sánchez, Edwin (October 16, 2016). «El origen de "Nicarao-agua": la Traición y la Paz». El Pueblo Presidente (på spansk). Arkivert frå originalen 2017-08-01. Henta July 3, 2017. 
  7. Torres Solórzano, Carla (18. september 2010). «Choque de lenguas o el mestizaje de nuestro idioma» [Clash of languages or the mixing of our language]. La Prensa (på spansk). Henta April 12, 2017. 
  8. «La raíz nahuatl de nuestro lenguaje» [The Nahuatl root of our language]. El Nuevo Diario (på spansk). 10. august 2004. Henta 3. juli 2017. 
  9. Dall, Christopher (1. oktober 2005). Nicaragua in Pictures. Twenty-First Century Books. s. 66–67. ISBN 978-0-8225-2671-1. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Pérez-Brignoli, Héctor; translated by Sawrey A., Ricardo B.; Sawrey, Susana Stettri de (1989). A Brief History of Central America (2nd utg.). Berkeley: University of California Press. ISBN 978-0520060494. 
  11. Gloria Helena Rey (30. november 2007). «The Chibcha Culture – Forgotten, But Still Alive». Colombia. Inter Press Service (IPS) News. Arkivert frå originalen 2012-02-20. Henta 9. november 2010. 
  12. «Nicaragua: VI History». Encarta. 13. juni 2007. 
  13. 13,0 13,1 Newson, Linda A. (1987). Indian survival in colonial Nicaragua (1st utg.). Norman [OK]: University of Oklahoma Press. ISBN 978-0806120089. 
  14. «Letter of Columbus on the Fourth Voyage». American Journey. Arkivert frå originalen 2007-04-03. Henta 9. mai 2007. 
  15. «Nicaragua, class structure» (engelsk). Library of Congress Country Studies. Henta 10. mars 2008. 
  16. «Travel And Tourism in Nicaragua». Euromonitor International. Henta 9. mai 2007. 
  17. Alemán, Giselle. «Turismo en Nicaragua: aportes y desafios parte I». Canal 2 (på spansk). Arkivert frå originalen 2007-07-17. Henta 29. juli 2007. 
  18. «A Dynamic Economy: Dynamic Sectors of the Economy; Tourism». ProNicaragua. Arkivert frå originalen 2007-09-27. Henta 1. august 2007. 
  19. Travelotica.com Arkivert 27. september 2007 på Wayback Machine. Nicaragua Travel Guide
  20. TransitionsAbroad.com Arkivert 10. september 2007 på Wayback Machine. Living Abroad in Nicaragua: Nicaragua’s Evolution

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nicaragua