Le Havre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Le Havre
Utsyn over stranda i Le Havre og delar av den gjenoppbygde byen
Utsyn over stranda i Le Havre og delar av den gjenoppbygde byen
Utsyn over stranda i Le Havre og delar av den gjenoppbygde byen
Flagget til Le Havre Byvåpenet til Le Havre
Flagget til Le Havre Byvåpenet til Le Havre
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Normandie
Seine-Maritime
Grunnlagd 1517
Geografi
Flatevidd 46,95 km²
Flatevidd
 - By

46,95 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Byområde

190 905
  4 066/km²
296 773
Koordinatar 49°30′0″N 0°7′12″EKoordinatar: 49°30′0″N 0°7′12″E
Høgd over havet 0 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 76351/76600, 76610, 76620
Heimeside: Offisiell nettside
Plassering

Le Havre er ein by i Normandie, nord i Frankrike ved Den engelske kanalen og munningen til Seinen. Han har eit folketal på om lag 190 000 innbyggjarar, medan storbyområdet i 1999 hadde 296 773 innbyggjarar.

Byen var anløpshamn for franske passasjerdamparar som gjekk over Atlanterhavet til USA, og byen vert derfor kalla «La Porte Océane». Han er den største byen i Normandie, føre Rouen, og den femte største eksporthamna i Frankrike.

Le Havre har vore på verdsarvlista til UNESCO sidan juli 2005. Byen har eit universitet og ein sterk sportskultur med «Le HAC», den eldste profesjonelle fotballklubben i Frankrike.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Le Havre er ein kommune og sous-préfecture (underprefektur) i departementet Seine-Maritime, som igjen er ein del av regionen Normandie Den noverande borgarmeisteren i Le Havre er Antoine Rufenacht.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Le Havre ligg i nærleiken av byane Montivilliers, Harfleur, Gonfreville-l'Orcher. Elva Seinen skil Le Havre frå Honfleur. I aust ligg Pont de Normandie.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd i 1517 med namnet Franciscopolis etter Francis I av Frankrike, og så omdøypt til Le Havre-de-Grâce («Nåden si hamn»). Le Havre tyder rett og slett «hamna». Byen vart bygd for å erstatte dei gamle hamnene i Honfleur og Harfleur, som det var vanskelegare å nytte på grunn av slamavleiring. Historia til byen er tett knytt til hamna. På 1700-talet byrja byen å vekse då handelen frå Vest-India til Frankrike og Europa auka i omfang. På 1800-talet vart byen eit industrisenter.

Byen vart øydelagd under Operasjon Overlord i Normandie under den andre verdskrigen. 5 000 menneske vart drepne, og 12 000 heimar vart totalskadd. Sentrum i byen vart bygd opp att i modernistisk stil av Auguste Perret.

Folk frå Le Havre[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Le Havre