Le Suicide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Le Suicide
Le suicide

Forfattar(ar)Émile Durkheim
Språkfransk
Sjangeressay
Utgjeven1897

Le Suicide ('Sjølvmordet') var ei banebrytande bok innanfor sosiologien. Boka, skriven av sosiologen Émile Durkheim, kom ut i 1897 som ein studie av sjølvmordsstatistikk. Le Suicide er omsett til norsk som Selvmordet av Halvor Roll og er gjeven ut fleire gonger.

Den generelle sjølvmordshypotesa[endre | endre wikiteksten]

Durkheim var ein metodologisk kollektivist. Metodologisk kollektivisme vil tilseie at individ sine handlingar blir forklart frå påverknad frå sosiale fenomen.

Durkheim sitt syn på kva som påverka sjølvmord hadde difor ingenting med individet sine eigenskapar å gjere. Det var korleis samfunnet fungerte, eller korleis ein blei integrert i sine omgivnader som påverka sjølvmordsraten. Han uttalte blant anna at:

«Hvis vi tar utgangspunktet i individet, vil vi være ute av stand til å forstå noe som helst av det som foregår i en gruppe […] Følgelig er det slik at hver gang et sosialt fenomen blir direkte forklart ved å vise til et psykologisk fenomen, kan vi være sikre på at forklaringen er gal.»[1]
«Sjølvmord samvarierar negativt med graden av integrasjon i dei sosiale gruppene som individet høyrer til. […] Det må altså vere ei kraft i dei felles omgivnadane som påverkar alle i same retning, og talet på individuelle sjølvmord blir høgt eller lågt alt etter kor sterk eller svak denne krafta er.»[1]

Sjølvmordshypotesa hans skulle setje dette i system og bevise teorien.

Sjølvmordet som temperaturmåler på samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Durkheim meinte at sjølvmordsraten var ein sterk peikepinn på kor «sjukt» eit samfunn var. Dette berodde på to parametrar: integrering (I) og normfastleik (N). Om desse to var på eit idéelt stadium, ville det i teorien vere eit tal sjølvmord som han kalla K. Det er uvisst om Durkheim meinte at K var 0, eller eit tal større enn null. Durkheim meinte til dømes også at eit samfunn treng eit visst omfang av kriminalitet for ikkje å stivne, så at K tilsvarte ingen sjølvmord, er langt frå sikkert.

Den spesifikke sjølvmordshypotesa[endre | endre wikiteksten]

På grunnlag av varierande integrering og normfastleik, delte Durkheim sjølvmorda inn i fire kategoriar: det egoistiske, det altruistiske, det anomiske, og det fatalistiske.

Det egoistiske sjølvmordet[endre | endre wikiteksten]

Det egoistiske sjølvmordet kom som følgje av mangel på integrering i samfunnet. Dette kan til dømes gjelde i samfunn som ikkje har ein stor grad av samhald.

Durkheim tok utgangspunkt i forskjellig empiri for å bevise sin teori. Til dømes meinte han at det blant katolikkar ville vere mindre sjølvmord enn blant protestantar, sidan det innanfor katolisismen sitt sterke samhald ikkje ville vere så stor mangel på integrasjon som i protestantismen sin tankegang rundt at ein skal finne si eiga tru. Offisiell statistikk støtta Durkheim sine teoriar.

Det altruistiske sjølvmordet[endre | endre wikiteksten]

Altruistisk sjølvmord kjem av for stor grad av integrering i samfunn eller miljø ein tek del i. Døme på dette kan til dømes vere dei japanske samuraiane sitt rituelle sjølvmord, harakiri, og generelt eldre kulturar av krigarar. Durkheim peikar òg til dømes på at danske krigarar såg på det å døy gamal i senga som uverdig, og drap seg sjølv for å sleppe unna skamma.

Ein kan også sjå på satti, hinduenkjer sitt frivillige ynskje om å bli brent saman med sin døde ektemann, som eit eksempel på altruistiske sjølvmord fordi dei ikkje har nokon reell funksjon i samfunnet etter at mannen deira har døydd.

Det anomiske sjølvmordet[endre | endre wikiteksten]

«Anomisk sjølvmord kom av normløyse, det vil seie at dei forventningane samfunnet hadde til borgarane, verka uklare og meiningslause for einskildindividet.»[1]

Som eit eksempel kan ein vise til vonbrotet av å ikkje oppnå «The American Dream», eit amerikansk fridomsforbilde som går ut på at alle kan oppnå rikdom, berre ein jobbar hardt nok. Sanninga viser at ein i USA har dårlegare utgangspunkt for sosial mobilitet, enn til dømes dei nordiske landa og Canada[2]. Dette vonbrotet, med ei plutseleg disintegrering av normene ein trudde eksisterte, samsvarar med Durkheim sin tankegang rundt anomiske sjølvmord, og viser at han var tidleg ute med idéar som framleis er relevante i dag.

Det fatalistiske sjølvmordet[endre | endre wikiteksten]

Det fatalistiske sjølvmordet er så vidt nemnt i ei fotnote i Durkheim sine arbeid, men er brukt for å beskrive eit sjølvmord som er påverka av rigide normer og reglar i samfunnet, til dømes ved slaveri, som blei for mykje påverknad for einskildmennesket, som dermed tok sitt eiget liv.

Kritikk mot Durkheim[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om offisiell statistikk støtta Durkheim sine teoriar, kan ein også påpeike at denne statistikken nok var varierande i sanning. Til dømes var det ikkje sikkert at ein lege kunne skilje ei fallulukke frå eit sjølvmord.

Det er heller ikkje sikkert at alle land hadde same definisjon som Durkheim på sjølvmord. Hans definisjon var nemleg ganske presisert: «Ordet selvmord brukes om alle dødsfall som direkte eller indirekte er resultatet av en positiv eller negativ handling, utført av den avdøde, og som han visste ville føre til dette resultatet».[1]

I andre årsaker kan ein nemne at katolikkar som tok livet sitt ikkje fekk gravstad i vigsla jord, noko som ville føre til evig fortaping. Dette ville vere ei ærekrenking ovanfor familien, som nok ville prøve å skjule sjølvmordet som ei ulukke eller eit naturleg dødsfall.

Det er mange variablar som ikkje er teke med i berekninga i Durkheim si sjølvmordshypotese, til dømes kva som hender om ein blandar to av desse typane saman, t.d. altruistisk og anomisk eller egoistisk og fatalistisk. Samtidig tek han ikkje omsyn til individet sin psykologiske tilstand i det heile teke, men fokuserer berre på samfunnet som grunn til sjølvmordet.

Sett i lys av dagens samfunn[endre | endre wikiteksten]

Sjølvmordshypotesa til Durkheim skulle bevise synspunktet han sjølv hadde på forklaring av sjølvmord, og sette teorien hans i eit system. Durkheim si hypotese var stor for si tid, og særs avansert, men den kan i ettertid falsifiserast på grunn av forskjellige måtar å innhente statistikk på i forskjellige land, samt forskjellige tilnærmingar innan religionar og kulturar på å behandle sjølvmord innad i familiar og samfunn

Den største grunnen til at Durkheim si sjølvmordshypotese fell på sin eigen logikk er like vel den totale mangelen på psykologiske faktorar som årsak for sjølvmord. Psykologiske og biologiske faktorar, som til dømes kan vere med på å forklare skilnaden mellom sjølvmord blant kvinner og menn, blir ikkje ofra ein tanke. Indre psykologiske faktorar si innverknad på sjølvmord er i seinare tid fastslått og eit viktig felt innanfor psykiatrien. Det er frå denne kanten at hovuddelen av kritikken mot Durkheim kjem.

Sjølv om Durkheim sine teoriar har blitt falsifisert er det ikkje tvil om at han har gjort mykje for tanken bak samfunnet si påverknad på sjølvmord, og verket hans står enda som ei av dei største sosiologiske undersøkingane om sjølvmord nokon sinne. Men å talfeste samfunnet si sjukheit på grunnlag av nærast matematiske formlar rundt sjølvmord er i dag ikkje rekna som ein legitim måte å sjå på sjølvmordsratar blant andre enn ekstreme metodologiske kollektivistar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Durkheim, Émile (1897, oversett i 2006). Selvmordet: en sosiologisk undersøkelse (1 utg.). Oslo: Gyldendal. ISBN 978-82-525-6297-2. 
  2. Social mobility lower in US and Britain than in other advanced countries

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]