Leaning on a Lamp-post

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leaning on a Lamp-post
Singel av George Formby
Innspelt 5. september 1937
Selskap Regal Zonophone
Låtskrivar(ar) Noel Gay

«Leaning on a Lamp-post» er ein popsong skriven av Noel Gay og mest kjend i ein versjon av George Formby.

Han vart først framført i 1937 i filmen Feather Your Nest i forskjellige stilartar av Val Rosing og George Formby. Plottet i filmen omfattar at Formby er ein lydteknikar som høyrer ROsing spele inn songen. Han knusar masterplata og erstattar innspelinga med si eiga røyst.[1] Formby spelte inn songen for Regal Zonophone Records den 5. september 1937, og det vart ein av dei mest populær songane hans. Notearket for songen vart publisert av Cinephonic Music Co Ltd. i London, for to skillingar.[2]

Ein versjon av Herman's Hermits, kalla «Leaning on the Lamp Post», nådde niandeplassen på den amerikanske Hot 100 i 1966.[3] Songen vart nytta i 1985-utgåva aav Me and My Girl, men var ikkje med i den origniale versjonen av musikalen frå 1937.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Feather Your Nest at GeorgeFormby.co.uk. Henta 20. mars 2018
  2. «Leaning on a Lamp-post» at Songfacts.com. Henta 20. mars 2018
  3. Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. s. 312. ISBN 0-89820-155-1. 
  4. Raphael Samuel, Theatres of Memory: Past and Present in Contemporary Culture, p.398