Lee Dixon
Lee Dixon | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. mars 1964 (60 år) Manchester |
Idrett | fotball |
Lee Michael Dixon (fødd 17. mars 1964) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Manchester. Han var høgreback i Arsenal FC sitt sterke forsvar gjennom 1990-åra. Dixon var med må vinne den engelske liagen fire gongar, FA-cupen tre gongar, ligacupen 1993 og cupvinnarcupen 1994. Han spelte 22 landskampar for England.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Dixon vart overført frå Stoke City til Arsenal FC i januar 1988. Fram til våren 2002 spelte han 458 kampar for London-laget, skåra 25 mål. Han sanka ni trofe med Arsenal, og fekk elles fleire topplaseringar i nasjonal fotball. Saman med mellom andre lagkaptein Tony Adams var han del av den sterkaste forsvarsfiraren i engelsk fotball i delar av 1990-åra.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Dixon fekk sin landslagdebut 25. april 1990. Han skåra sitt einaste landslagsmål då England i 1991 spelte uavgjort 1-1 mot Irland i ein EM-kvalifiseringskamp. 1992/93 tok han del i begge VM-kvalifiseringskampane mot Noreg. Oppgjeret i London enda 1-1, i Oslo tapte England 0-2. Etter 1993 deltok han i ein einaste landskamp, ein vennskapskamp mot Frankrike 10. februar 1999. Dixon var ikkje med i noko engelsk meisterskapstropp.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC
- Engelsk ligameister: 1989, 1991, 1998, 2002 med Arsenal FC
- Vinnar av FA-cupen: 1993, 1998, 2002 med Arsenal FC
- Finalist i Cupvinnarcupen: 1995 med Arsenal FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1993 med Arsenal FC (ikkje med i finalen)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Lee Dixon» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2024.