Tony Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Adams
Adams, Tony.jpg
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. oktober 1966
Romford
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Tony Alexander Adams (fødd 10. oktober 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Dagenham som vann 8 nasjonale titlar med Arsenal FC og cupvinnarcupen 1994. Han var midtstoppar og lagkaptein for England under Fotball-EM 1996, der laget vart slått ut i semifinalen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Adams debuterte for Arsenal i november 1983 og la opp i mai 2002. Frå han var 19 år gammal spelte han fast i fyrsteellevaren og 21 år gammal vart han kaptein for laget. I tida frå og med triumfen i ligacupen 1987, var Adams med om å vinne ligaen fire gongar, FA-cupen tre gongar og ligacupen to gongar og cupvinnarcupen i 1994. Han var lagkaptein frå 1988 til han la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Adams spelte i 66 landskampar for England i tida frå februar 1987 til oktober 2000, skåra 5 mål. Han deltok i tre europameisterskap, 1988, 1996 og 2000, og verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. Lengst med det engelske landslaget nådde Adams under EM i fotball 1996 på heimebane, der England rauk ut or meisterskapen i semifinalen etter straffesparktevling mot Tyskland. Han var lagkaptein i 15 kampar, fast kaptein 1995 og -96.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC
  • Engelsk ligameister: 1989, 1991, 1998, 2002 med Arsenal FC
  • Engelsk cupmeister: 1993, 1998, 2002 med Arsenal FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]