Manchester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Manchester
City of Manchester

Manchester Bordered Montage.jpg
Byvåpenet til City of Manchester
Byvåpenet til City of Manchester
Kallenamn
««Cottonopolis», «Warehouse City», «Rainy City», «Capital of the North», «Madchester», «Mancunia»»
Motto
«Concilio Et Labore»
(Med visdom og innsats)
Plassering
Manchester is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-Manchester
Grunnlagd 1. hundreåret
Borgarmeister Mark Hackett
Geografi
Flatevidd
 - By

115,65 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

464 200
  4 013,8 /km²
2 240 230
Koordinatar 53°28′″N 2°14′″WKoordinatar: 53°28′″N 2°14′″W
Høgd over havet 38 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer M
Telefon-retningsnummer 0161
Nettstad: www.manchester.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Manchester

Manchester er ein hamne- og industriby i nordvest-England, og kjernen i det seremonielle grevskapet Stor-Manchester. Byen har 464 000 innbyggjarar (2008). Birmingham har dobbelt så mange innbyggjarar.

Innbyggjarane kallast Mancunians eller berre Mancs. Ofte refererer ein til heile Stor-Manchester som Manchester, men området består av fleire sjølvstendige byar. Det varierer mellom desse kor sterk tilknyting innbyggjarane følar til Manchester by, og til dømes i Salford set dei fleste lite pris på å bli omtalt som Mancunians.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var folkesett alt i romersk tid. Gnaeus Julius Agricola reiste eit fort der, og gav det namnet Mamucium, som tyder brystforma ås. I Castlefield er det konstruert ein kopi av eit romersk fort av den typen som stod i byen.

1300-talet kom fleire vevarar frå Flandern til byen, og starta ein lang og viktig tradisjon med tøyproduksjon. Byen fortsette å vere ein liten marknadsby fram til den industrielle revolusjonen. Då maskinene gjorde inntoget sitt byrja han å vekse kraftig, og var ei tid det viktigaste industrielle senteret i verda. Nærleiken til Liverpool bidrog sterkt til dette, sidan den store hamna der gjorde det lett å eksportere var frå Manchester.

I 1990-åra vart Manchester frykta for gjengrelatert kriminalitet, spesielt etter fleire skotvekslingar mellom unge menn. Væpna kriminalitet er enno eit problem i byen, og han har av ein del vorte kalla Gunchester. Gjennom ei rekkje program iverksett av Greater Manchester Police og innsats frå lokale innbyggjarar har ein på byrjinga av 2000-talet sett ei betring.

Den 15. juni 1996, kl 11.20, sprengte Det provisoriske IRA ei stor bombe i sentrum av byen. Den førte til massive øydeleggingar. Ingen omkom, men 206 menneske fekk medisinsk handsaming for skadar og sjokk.

By og storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Det urbaniserte området til Manchester, markert i tilhøve til dei administrative grensene til Stor-Manchester.

Manchester har 463 000 innbyggjarar (2008), i eit område på 115,65 km². Stor-Manchester, som er eit administrativt storbyområde rundt byen, har 2 553 800 innbyggjarar (2006) i eit område på 1 276,03 km², og omfattar Manchester og ni andre distrikt.

Det urbaniserte området til Manchester, der mesteparten ligg innanfor dei administrative grensene til Stor-Manchester (men òg i mindre delar av tilgrensande grevskap), hadde 2 244 931 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001.[1] Området omfattar 558,43 km², og inkluderer fleire større byar, blant anna Bolton, Oldham, Rochdale og Stockport.

Området rundt Wigan er ein del av Stor-Manchester, men er samstundes eit eige urbanisert område sidan han byggmessig ikkje heng heilt saman med Manchesterområdet.[1]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Manchester bysenter frå Beetham Tower om natta, byen er eit av dei største finansielle sentera i Europa

Manchester var ein av dei leiande byane ved den industrielle revolusjonen på 1800-talet, og ein leiande by innan produsering. Økonomien til byen er i dag i stor grad basert på service-tenester, og, var per 2007, den raskast veksande i Storbritannia. Byen vart i 2007 rangert som den beste, [2] eller det nestbeste, staden å gjere forretningar i Storbritannia, [3] og det åttande beste i Europa.[4]Stor-Manchester representerer over £42 milliardar av Storbritannia sitt BNP, det tredje største av alle engelske grevskap og meir enn både Wales og Nordaust-England.[5]

Manchester er eit økonomisk senter innan det lokalet, regionale og den internasjonale marknaden. Det er eit av dei største finansielle sentera i Europa med meir enn 15 000 menneske tilsett innan bank og finans ved meir enn 60 bankinstitutt. The Co-operative Group, det største kundeeigde føretaket i verda, har utgangspunktet sitt i Manchester og er ein av dei største føretaka til byen.

Den offentlege sektoren står for 29 % av sysselsetjinga, bankar og øvrig service 28,4 %, bygging og konstruksjon 17,9 % og dessutan distribuering, transport og kommunikasjon 23,1 %.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Joy Division, Oasis, The Stone Roses, The Hollies, Simply Red og The Smiths er kjende band frå byen. Musikksjangeren madchester har opphav (og namn) frå Manchester.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Fotballklubbane til byen som er med i Premier League er Manchester United FC og Manchester City FC. Arenaene Old Trafford og City of Manchester Stadium ligg i byen.

Forbausande nok vart fotball forbode ved lov i Manchester by i 1908, med følgjande grunngjeving: «Whereas there hath been heretofore great disorder in our town of Manchester, and the inhabitants thereof greatly wronged... by a company of lewd and disorder persons using that unlawful exercise of playing with the football in ye streets of the said town, breaking many men's glass windows at their pleasures, and other great enormities.» (= og andre store uhyrlegheiter).

I 2002 var byen vertskap for dei XVII samveldeleikane.

Media[endre | endre wikiteksten]

Manchester Evening News har hovudkontoret sitt i Manchester

Både The Guardian (tidlegare Manchester Guardian, nummer utgjeve frå London, men med ein stor lesarkrins i Manchester med omheng) og Manchester Evening News (eigd av The Guardian) blir utgjeve i Manchester.

Byen har nest etter London den største TV-produksjon i Storbritannia. Granada Television hadde opphavleg hovudkontoret sitt i Manchester, men det ligg i dag i London. BBC har sitt nordvestre hovudkontor i byen og planlegg å flytte blant anna sportsporduksjonen dit.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er to universitet i Manchester, Manchester Metropolitan University og University of Manchester. Det siste vart grunnlagt i 2004 gjennom at Victoria University of Manchester og UMIST vart slått saman.

Manchester Grammar School vart bygd i 1515.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Manchesters sporvognsnett byrja å bli bygd ut på slutten av 1980-talet

Manchester har ein flyplass, Manchester International Airport, som årleg blir nytta av 20 000 000 passasjerar, noko som gjer han til den tredje største flyplassen i Storbritannia. Flyplassen har tilgjenge til over 180 destinasjonar. British Airways brukar flyplassen som eit knutepunkt.

Det er to hovudstasjonar for jernbanetrafikk, Manchester Piccadilly og Manchester Victoria, og dessutan mange mindre stasjonar. På slutten av 1980-talet vart byen sitt sporvognsnett bygd ut. Nettet består av linjer på til saman 37 kilometer og har 37 haldeplassar. Sidan 2000 vart byen omslutta av vegen M60, og frå denne strålar motorvegane M67, M56, M602M62, M61, M66 og M62 ut i ulike retningar. Etter den industrielle revolusjonen går fleire kanalar inn til byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Office for National Statistics, UK; Census 2001, Key statistics for urban areas (excelfil)
  2. Britain's Best Cities 2005–2006 Executive Summary (engelsk). OMIS Research (2006). Vitja 8. juli 2011.
  3. London and Manchester lead UK business survey (engelsk). Cushman & Wakefield web pages. Cushman & Wakefield (18. september 2007). Vitja 8. juli 2011.
  4. European Cities Monitor 2007 (engelsk). Cushman & Wakefield (15. oktober 2007). Vitja 8. april 2011.
  5. Regional GVA December 2007 (Page 7) (engelsk) (PDF). Office for National Statistics (2007). Vitja 8. juli 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Manchester