Leganés
Utsjånad
| Leganés | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Madrid | ||
| Høgd | 665 m | ||
| Areal | 16,6 km² | ||
| Folketal | 195 734 (2025) | ||
| Grunnlagd | 1280 | ||
| Postnummer | 28910–28919 | ||
![]() Leganés 40°19′42″N 3°45′55″W / 40.32825°N 3.7654027777778°W | |||
| Wikimedia Commons: Leganés | |||
Leganés er ein by sentralt i Spania. Han er ein del av storbyområdet rundt Madrid og er i røynda ein arbeidarklasseforstad med kring 195 000 innbyggjarar. Han ligg 10 km sørvest for sentrum av Madrid.
Det ligg ei avdeling av Universidad Carlos III i byen, grunnlagd i 1989.
Parquesur er eit av dei største kjøpesentra i Europa og ligg i Leganés.
Leganés har ei gate som heiter AC/DC til ære for det australske rockebandet AC/DC. Bandet vitja byen for å innvie gata. Gateskiltet vart ofte stolen, før byrådet valde å måle det på ein vegg i staden for å erstatte skiltet om att og om att.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leganés» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2009.
