Legd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Legd var nemning på det ein ytte til eit sams formål, samstundes vart nemninga også brukt om dei gardane eller krinsen som var saman om ytinga. Nemninga, i den siste tydinga, vart til dømes nytta om å utruste soldatar til kongen og krigsmakta hans (soldatlegd), og om å losjera og fø fattige o.l.

Ordet legd vart oftast brukt om den forma som var vanleg før lova om fattigstellet av 19. mai 1900 tok til å gjelde. Gamle og sjuke utan skyldfolk, som ikkje lenger klarte å fø seg sjølve, vart sett bort på legd. Det hende òg at born som hadde mist foreldre (ein eller begge) kom på legd.

Fattiglegda kunne kunne ytast på ymse vis. For born var det vanleg med pengelegd, legdsytarane betalte då ein bestemt person å forsyte barnet. For eldre, lite arbeidsføre menneske var det vanlegare med omgangslegd, kvar legdsytar hyste legdpersonen eit bestemt tal dagar.

Å vera legdakall eller legdakjerring var ikkje alltid så greit. Dei representerte ei ekstrautgift for legdsytarane og var difor sjeldan velkomne. Ofte fekk dei dårlegare mat og stell enn sjølvefolket, drengar og tenestejenter. Born som vart sette bort på legd vart ofte nytta til arbeid som gjeting.

Skipnaden med soldatlegd var ordna frå 1628. I fylgje denne skulle ein viss gardkrins koste våpen og uniform til ein soldat som var frå same krinsen. Denne ordninga fall bort frå kring midten av 1800-talet.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]