Leif Høghaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Høghaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juni 1974 (49 år)
Yrke skribent, lyrikar
Periode 2012-
Debut Fama

Leif Høghaug (fødd 1974) er ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturvitar.[1]

Høghaug har hovudfag i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og har undervist ved UiO og forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark (Bø).[1] Han har vore redaktør i Bokvennen Forlag og har skrive for fleire aviser og tidsskrift.[1] Høghaug debutere som skjønnlitterære forfattar i 2012 med diktsamlinga Fama. Han har tidlegare omsett bøker til norsk og vore redaktør for fleire bøker.

Høghaug er busett på Gran på Hadeland.[1] Romanen Kælven er skriven på hadelandsk.[2]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2012 – Fama – diktsamling
  • 2017 – Kommunion 2017 – diktsamling
  • 2019 – Pedagogikk – dikt og prosa, Forlaget Beijing Trondheim
  • 2019 – Kælven – roman, Samlaget
Gjendikting/omsetjing
  • Julian Talamantez Brolaski: Det virkelige og andre dikt, Forlaget Beijing Trondheim (2015)
  • Karl Marx og Friedrich Engels: Det kommunistiske partis manifest, Sentralkomitéen (2016)
  • Julian Talamantez Brolaski: Råd til dei elskande, Samlaget (2018)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Presentasjon av Leif Høghaug». Nettstaden til Kolon Forlag. Henta 19. februar 2013. 
  2. Leif Høghaug ute med ny roman - ælt skrivi på rein hadelansk, Samlaget/Mynewsdesk, henta 24. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]