Leif Størmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Størmer
LeifStørmer.jpg
Fødd1. juli 1905
Christiania
Død15. mai 1979
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkepaleontolog, geolog, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnErling Størmer
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Leif Størmer (1. juli 190515. mai 1979) var ein prisbelønt norsk paleontolog og geolog, kjent for forskings si på trilobittar (arthropoda og merostomata).[1]

Etter examen artium 1923 vart han med marinbiologen Johan Hjort til Grønland og samla hoppekreps. Det vart cand.mag. 1928, før han vart med Thorolf Vogt på geologtur til Svalbard. I 1930 vart han assisterande konservator, var i gang med doktorgrad og drog til USA 1930-32 på Rockefeller-stipend. Etter dr.philos. 1932 på avhandlinga Skandinaviske Trinucleidae, var han stipendiat til 1937, konservator frå 1940 og frå 1946 professor i historisk geologi. Han slutta i 1975.

Faren hans var matematikaren Carl Størmer (1874–1957). Han var sjølv far til matematikeren Erling Størmer (fødd 1937).

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Heimefronten, hovedkasserer
  • Statens lønskommisjon av 1946
  • Løyve om naturfredning av 1954, utgreiingskomiteen
  • Statens lønskommisjon 1960, medlem av hovudutvalet
  • Den internasjonale paleontologiske union, styremedlem
  • Den internasjonale geologiske unionen, styremedlem
  • Den internasjonale stratigrafiske union, formann i fem år
  • Dekan ved mat.nat. 1957-59
  • Oslo Folkeakademi, aktiv forelesar
  • Aschehougs konversasjonsleksikon, medredaktør 4. utgåve
  • Det Norske Videnskaps-Akademi, medlem frå 1940.
  • riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1961
  • Deltagermedaljen
  • Reuschmedaljen 1937
  • Den Bergenske Prisen 1945
  • Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning 1965

Kjelder[endre | endre wikiteksten]