Leiv Stensland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leiv Stensland
Fødd 6. mai 1934
Yrke politikar

Leiv Stensland (fødd 6. mai 1934) er ein norsk elektrikar og politikar frå Odda i Hordaland. Han representerte Hordaland og ArbeidarpartietStortinget frå 1985 til 1993.

Stensland var son til ein industriarbeidar. Sjølv gjekk han på lærlingeskule og yrkesskule i Odda frå 1949 til -52. Etter eit år på elektrikarlinja, byrja han i lære. Han arbeidde så som elektrikar hos L.L. Reisæter i Odda frå 1953, tok fagbrev i 1958. I 1978 fekk han jobb som oppsynsmann i Odda kommune.

Stensland var medlem i Odda kommunestyre samanhengande frå 1960 til 1985. Han hadde plass i formannskapet 1968-75 og var ordførar 1980-85. Elles hadde Stensland ei rad med leiarposisjonar i Odda. Mellom anna var han formann 1964-80 i eldreomsorgsutvalet og 1972-79 i sosialstyret. Han var òg styreformann 1976-80 for sjukeheimen i Odda, og 1976-80 for Fylkessjukehuset i Odda, samt 1977-80 for Stord sjukepleieskule.

Hausten 1985 vart Stensland vald til stortingsrepresentant frå Hordaland og for Arbeidarpartiet. Dei neste fire åra var han medlem i Sosialkomiteen. Etter attval i 1989 flytta han over i Forsvarskomiteen, der han var medlem til han forlet Stortinget i 1993. Samstundes med han sat på Stortinget, var han styreleiar 1989-93 i Norske industrikommuners sammenslutning og frå 1987 styreformann i Folgefonntunnelen A/S, ein posisjon han hadde i 14 år. 1996-2000 var han styreformann i Odda Energi A/S.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]