Leksvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Leksvik
tettstad
Leksvik-village-Norway.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Indre Fosen
Areal 0,93 km²
Folketal 874 (2017)
Folketettleik 940 / km²
Postnummer 7121 LEKSVIK
Innbyggjarnamn leksværing
Wikimedia Commons: Leksvik

Leksvik er ein tettstad i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke. Busetnaden i tettstaden ligg spreitt langs fjorden mellom elvane Innerelva og Ytterelva, og er særleg konsentrert omkring strandområda Kroa og Rønningen. Leksvik var administrasjonssenteret i den tidlegare kommunen Leksvik og har 874 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Sentrum ligg like ved fylkesveg 755 vest for Krobrua. Her er det gamle kommunehuset, handelssenter, diverse småbutikkar og andre servicetilbod. På det gamle kommunehuset finst NAV, bibliotek og kyrkjelydkontor. Lensmannskontoret, Bank og Post i butikk ligg i nærområdet. Vest for Rønningen er Hammerberget kai og ei småbåthamn.

Leksvik kyrkje ligg ved Røstad, om lag 0,5 km nord for tettstaden.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Leksvik - tettstedet». Store norske leksikon. 8. april 2016. Henta 28. mai 2017.