Lekter nr. 3
Karriere | ![]() |
---|---|
Namn: | Lekter nr. 3 |
Eigar: | Kullkompaniet af 1871 i Bergen |
Verft: | A/S Stord på Stord |
Verftsnummer: | 1 |
Sjøsett: | Hausten 1943 |
Overtatt: | Januar 1944 |
Generelle mål | |
Type: | Lekter |
Daudvekt: | 225 TDW |
Lengd: | 27,22 m |
Breidd: | 6,10 m |
Djupgang: | 2,39 m |
Framdrift: | Ingen |
Lekter «Nr. 3» var den første byggekontrakten for A/S Stord og vart levert for Kullkompaniet af 1871 i Bergen. Dette var eit pioneroppdrag for verftet og fleire av dei tilsette tok Veritas sitt sertifikat i sveising
Det vart skrive byggekontrakt 18. august 1943. Lekteren skulle nyttast til frakting av kol og liknande i Bergen hamn. Lekteren vart sjøsett hausten 1943. Gudmor var Borghild Onarheim.
Lekteren vart klassifisert Det Norske Veritas for slep innaskjers og vart levert frå A/S Stord i januar 1944. Kullkompaniet af 1871 hadde lekteren fram til 1964, då Stord Verft A/S kjøpte lekteren attende. Lekteren vart kjøpt for å transportere 100 katodekassar produsert ved verftet for Sør-Norge Aluminium på Husnes og kassane vart lasta ombord på lekteren og slept over fjorden til Husnes.
I 1981 vart lekteren selt til Elias Stokken i Sagvåg på Stord. Stokke nytta lekteren til ymse slepeoppdrag, mellom anna for Stord Verft. I 1986 vart lekteren selt vidare til Godøysund Fjordhotell i Tysnes kommune ved Leif Einar Nilsen. Lekteren vart per november 1999 framleis på Tysnes og nytta som gatekjøken og kai.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Hvor ble båtene av? - Aker Stord