Lene Elise Bergum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lene Elise Bergum
Fødd19. november 1971 (50 år)
FødestadKristiansand
Verka somskodespelar, filmskodespelar

Lene Elise Bergum (fødd 19. november 1971) er ein norsk skodespelar.

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Gjennombrotet som skodespelar kom med rolla som Lene i filmen Hodet over vannet (1993), som det seinare vart laga ein Hollywood-versjon av, med Cameron Diaz i hovudrolla.

Bergum hadde ei framståande rolle som Camilla i komiserien Tre på toppenTVNorge i 1997. Det var likevel først med rolla som Alexandra «Alex» Kvamme i såpeserien Hotel CæsarTV 2 ho vart eit kjent fjes for den jamne nordmannen. Ho spelte i serien frå 1998 til 2001, gjorde comeback i 2004 og forlét intrigehotellet på nytt i mai 2004.

Ho hadde òg rollen som Anita i TV 2-serien Far og sønn i 2002.

I 2005 var ho norsk deltakar i den skandinaviske TV-produksjonen Robinson VIP, saman med Ole Klemetsen, Janne Rønningen, Gry Jannicke Jarlum og Jan Simonsen.

Per 2014 dreiv ho firmaet Appetitten Kantine og Catering.

Ho har tidlegare jobba som lastebilsjåfør i Posten Norge.[1]

Vinteren 2018 var ho deltakar på Farmen Kjendis på TV 2.[2]

Rollar[endre | endre wikiteksten]

År Film/TV-serie Rolle
1993 Hodet over vannet Lene
1997 Tre på toppen Camilla
1998 Blodband Ukjent
1998–2001, 2004–2005 Hotel Cæsar Alexandra «Alex» Kvamme
2002 Far og sønn Anita
2005 Robinson VIP Deltager
2006 (filma i 2004) Asfaltevangeliet Kvinne som bryr politimann
2018 Farmen Kjendis Seg sjølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]