Janne Rønningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janne Rønningen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1969 (55 år)
Yrke komikar, programleiar

Janne Rønningen (fødd 1969) er ein norsk komikar og programleiar.

Janne Rønningen vaks opp i Stavern i Vestfold. Ho gjekk på Forsøksgymnaset i Oslo, men fullførte ikkje utdanninga. I 1991 byrja Rønningen i lokalradioen Radiorakel i Oslo, og i 1994 gjekk ho over til NRK Radio, der ho hadde innslag både i Herreavdelingen og XL, blant anna saman med Espen Thoresen, i ungdomskanalen P3. Frå 1998 til 2000 var ho programleiar i ungdomsprogrammet Smørøyet på TV-kanalen NRK1. Sidan har ho blant anna vore å sjå i Trigger på NRK, Holger Nielsens metode og MandagsklubbenTVNorge der ho òg hadde sin eigen serie, Helt privat (saman med Kristin Skogheim). Frå 2004 har ho arbeidd for den reklamefinansierte, landsdekkande radiokanalen Kanal24/Radio Norge, blant anna i programma Rom 24 og Vær så god, Takkskalduha.

Janne Rønningen har òg opptredd frilans med eigne stand up-show i samarbeid med Stand Up Norge.

I 2011 fullførte Janne Rønningen utdanninga si som faglærar i kunst, design og handverk. To år seinare vart ho òg spesialpedagog.

TV[endre | endre wikiteksten]

  • 1998-00 Smørøyet
  • 2000 Helt privat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]