Lene Espegren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lene Espegren
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1971 (52 år)
Idrett friidrett

Lene Espegren (fødd 8. mai 1971) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Lillesand i Aust-Agder. Ho vart åtte gongar norsk meister i tresteghopp og fire gongar lengdehopp. I 1999 sette ho norsk rekord i tresteghopp med 13,83 meter, gjeldande landsrekord også i 2021.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I tida 1992-2001 var Espegren den dominante tresteghopparen på kvinnesida i Noreg. Ho vart noregsmeister i øvinga 1992-93, 1995-96 og 1998-2001. Åra 1996, 1998, 1999 og 2000 vann ho også gullmedaljen i lengdeøvinga ved noregsmeisterskapen. Perioden 1991-2001 sanka Espegren 10 NM-medaljar i tresteg og 6 i lengdehopp. Under NM i friidrett 1995 kneip ho bronsemedaljen i 100 meter hekk.

I 1995-sesongen sette elles Espegren personbeste på korthekken med 13,99 sekund. Sommaren 1999 var ho i sitt livs beste form. Under C-Europacupen for landslag helga 5.–6. juni representerte ho Noreg både i tresteghopp og lengdehopp. Landskampen fann stad i Pula i Kroatia, der Espegren om laurdagen sette norsk rekord i tresteg med 13,83 meter. Sundagen presterte ho livsbeste i lengdehopp med 6,34 meter. I NM i friidrett 1999Byrkjelo vann ho to gullmedaljar etter eit tresteghopp som målte 13,97 m og eit lengdehopp på 6,37 m, begge med for mykje medvind til at det vart rekord av.

Espegren var medlem i Lillesand IL til 1993, deretter IK Tjalve 1994-99 og SK Vidar 2000-01.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]