Leninsk-Kuznetskij
Utsjånad
| Leninsk-Kuznetskij | |||
| Ленинск-Кузнецкий | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Kemerovo oblast | ||
| Høgd | 230 m | ||
| Areal | 112,7 km² | ||
| Folketal | 88 171 (1. januar 2025) | ||
| Først nemnt i | 1763 | ||
| • Bystatus | 1925 | ||
| Postnummer | 652500–652523 | ||
| Retningsnummer | (+7) 38456 | ||
![]() Leninsk-Kuznetskij 54°39′00″N 86°10′00″E / 54.65°N 86.166666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Leninsk-Kuznetsky | |||
Leninsk-Kuznetskij (russisk Ле́нинск-Кузне́цкий) er ein by i Kemerovo oblast i Russland med om lag 90 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Inja, ei sideelv til Ob, rundt 80 km sør for Kemerovo.
Busetnaden vart først nemnt i 1763 som Koltsjugino (russisk: Кольчу́гино). I 1925 fekk han bystatus og namnet vart samstundes endra til Leninsk-Kuznetskij.
Leninsk-Kuznetskij er eit av hovudsentera for kolgruvene i Kuznetskbekkenet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Leninsk-Kuznetskij» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
