Hopp til innhald

Kuznetskbekkenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuznetskbekkenet
bekken
Land  Russland
Kart
Kuznetskbekkenet
55°21′16″N 86°05′19″E / 55.35444444°N 86.08861111°E / 55.35444444; 86.08861111
Wikimedia Commons: Kuznetsk coal basin
Kuznetskbekkenet ligg i Kemorovo oblast.

Kuznetskbekkenet, ofte forkorta til Kuzbass, (russisk Кузнецкий бассейн, Кузбасс, Kuznetskij bassejn, Kuzbass) ligg sørvest i Sibir i Russland og er eit av dei største kolgruveområda i verda med eit areal på 69 900 km². Det ligg i Kuznetsksenkinga mellom Tomsk og Novokuznetsk i nedslagsfeltet til elva Tom. I sør grensar det til Abakanfjella, i vest til Salairryggen og i nord til Kuznetsk Alatau.

Det inneheld nokre av dei største kolførekomstane i verda og det kolberande laget strekkjer seg over eit område på 26 700 km³ og når eit djup på 1800 meter. Totalt er det estimert at det finst 725 milliardar tonn kol her. Dei andre industriane i regionen, som maskinproduksjon, kjemikaliar og metallurgi, er basert på kolgruvedrifta.

I sovjettida var Kuznetskbekkenet det nest største kolproduserande området i landet etter Donetsbekkenet i Ukraina. Smelting av jern tok til her så tidleg som i 1697 og kol vart oppdaga i 1721,[1] sjølv om det ikkje vart systematisk vunne ut før 1851. Seint på 1800-talet vart Russland raskt industrialisert og industrien i området tok seg raskt opp. Industrien blømde ytterlegare då den transsibirske jernbanen kom til området. Under Stalin sin Første femårsplan vart Ural-Kuznetsk industrielle samanslutning oppretta tidleg i 1930-åra. Det vart eit sentrum for produksjon av jern og stål, sink, aluminium, maskineri og kjemikaliar, med råmateriale og ferdige produkt frakt til og frå stader i Kuzbas og Ural.

Dei økonomiske problema til Sovjetunionen seint i 1980-åra førte til streik hos kolgruvearbeidarane i 1989[2] og 1990, og dette svekka styret til Mikhail Gorbatsjov. Etter at Sovjetunionen fall og planøkonomien kollapsen, opplevde industrien i regionen ei ny krise. Sidan den gong har området igjen vorte viktig og står i dag for 60 % av den totale kolproduksjonen i Russland.[1]

Administrativt høyrer Kuznetskbekkenet til Kemerovo oblast med administrasjonsstad i Kemerovo. Andre store byar i området er Anzjero-Sudzjensk, Leninsk-Kuznetskij, Kiseljovsk og Prokopjevsk.

  1. 1 2 Cherdantsev, Gleb; Thurner, Thomas (2014). «The economic future for Russia's Kuzbass coal mining region». International Journal of Oil, Gas and Coal Technology. 16 (4): 390–401. doi:10.1504/IJOGCT.2017.087877. Henta 2019-07-10.
  2. Clines, Francis X. (15. juli 1989). «Siberian Miners' Strike Spreads As Authorities Make Concessions». The New York Times. ISSN 0362-4331. Henta 2019-03-31.