Lennart Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lennart Strand
Lennart Strand2.jpg
Fødd 13. juni 1921
Malmö
Død

23. januar 2004
Malmö

Yrke mellomdistanseløper
Lennart Strand på Commons

Lennart Strand (13. juni 192123. januar 2004) var ein svensk mellomdistanseløpar frå Malmö, som vann EM-gull på 1500 meter i 1946 og OL-sølv på same distansen i 1948. Han var verdsrekordhaldar på 1500 meter frå 1947 til -54.

Strand var svensk meister på 1500 m åra 1945-47 og 1949-50. Under EM i friidrett 1946 i Oslo vart han europameister på 1500 meter, åtte tidels sekund framom landsmannen Henry Eriksson.

I den svenske friidrettsmeisterskapen 1947 i Malmö tangerte Strand landsmannen Gunder Hägg sin verdsrekord på 1500 meter ved å springe på 3.43,0. Året etter tok han sølvmedaljen på 1500 meter då Sommar-OL 1948 vart avvikla i London, Henry Eriksson vann på tida 3.49,8. Strand deltok i friidretts-EM 1950, der han braut 1500-meterfinalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]