Henry Eriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henry Eriksson
Henry Eriksson 1947.jpg
Fødd 23. januar 1920
Avesta
Død

8. januar 2000
Gävle

Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Henry Eriksson på Commons

Knut Henry Eriksson (23. januar 19208. januar 2000) var ein svensk mellomdistansøpar frå Krylbo i Avesta som vart olympisk meister på 1500 meter i 1948.

Eriksson deltok fyrste gongen internasjonalt ved EM i friidrett 1946 i Oslo, der han på Bislett stadion vann sølvmedaljen på 1500 m, gullmedaljen tok hans sterkaste konkurrent, landsmannen Lennart Strand. Den 15. juli 1947 kjempa dei same to drabeleg på 1500 m under den svenske meisterskapen i Malmö, også her vann Strand og sette samstundes verdsrekord på distansen med 3.43,0, Eriksson sette personleg rekord med 3.44,4.

Under dei olympiske leikane i London sommaren 1948 var svenskane dei største favorittane på 1500 m. Under trasige tilhøve med regn og sleip bane streva Strand på sisterunden med å verte kvitt Eriksson, men lukkast ikkje og på oppløpssida smatt Eriksson forbi og vann på tida 3.49,8, seks tidels sekund framom Strand.

Eriksson var busett i Gävle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]