Lensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lensk
Ленск
Horisonten til
Plassering
Lensk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sakha
Først nemnt i
Bystatus
1663
1963
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

24 475
Koordinatar 60°43′″N 114°54′″EKoordinatar: 60°43′″N 114°54′″E
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 41137
Nettstad: lensk.narod.ru

Lensk (russisk Ленск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 800 km vest for Jakutsk.

Den opphavlege busetnaden vart første gong nemnt i 1663 i eit område kjend som Muhtuj og vart derfor kalla Mukhtuja. På 18- og 1900-talet var byen ein stad for politisk eksil.

Byen opplevde ein periode med rask vekst på 1900-talet etter oppdaginga og utbygginga av diamantførekomstar i Viljuj-bekkenet. Han fekk bystatus og namnet vart endra til Lensk i 1963.

I 2001 førte ein ispropp i Lena til at så godt som heile vart byen oversvømd og dei fleste bygningane vart øydelagde. Denne katastrofen kunne ha vore forhindra om ein hadde sprengt bort isproppen, men dei lokale myndigheitene hadde ikkje pengar til å kjøpa naudsynt sprengstoff[1]. Byen vart bygd opp igjen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. D. Schumann, An der Lena flußabvärts, Das Neue Berlin, 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.