Hopp til innhald

Verkhojansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verkhojansk
Верхоянск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Sakha
Høgd 127 m
Areal 25 km²
Folketal 745 (2025)[1]
Grunnlagd 1638
   Bystatus 1817
Postnummer 678530
Retningsnummer +7 41165
Kart
Verkhojansk
67°33′00″N 133°23′00″E / 67.55°N 133.38333333333°E / 67.55; 133.38333333333
Wikimedia Commons: Verkhoyansk

Verkhojansk (russisk Верхоя́нск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 800 innbyggjarar. Han ligg ved elva Jana, nær polarsirkelen, rundt 650 km nord-nordaust for Jakutsk. Byen er dermed den tredje minste byen i Russland med berre Magas og Tsjekalin bak seg.

Ein kosakk-busetnad vart grunnlagt i 1638, 90 km sørvest for dagens by. I 1775 vart han flytta til venstre bredda av elva Jana, for å gjere skatteinnkrevinga lettare. Han fekk bystatus i 1817. Mellom 1860-talet og 1917 vart byen nytta som ein politisk eksilstad.

Næringsliv og transport

[endre | endre wikiteksten]

Verkhojansk har ei elvehamn, ein flyplass, eit depot for pels og er senter for eit reindriftsområde.

Klimadiagram for Verkhojansk (tysk tekst)

Verkhojansk er hovudsakleg kjent for dei særs låge vintertemperaturane, med ein normaltemperatur i januar på –50 °C. Byen ligg på det kaldaste området på den nordlege halvkula (òg kjent som Dødsringen til Stalin) og vert saman med Ojmjakon rekna som den nordlege kuldepolen. Den lågaste temperaturen som er registrert her er –67,8 °C i 1892. Den høgaste temperaturen som er målt om sommaren er 39 °C, ein temperaturskilnad på 107 °C mellom høgaste og lågaste. I januar 2006 kom temperaturen særs nær rekorden då det vart målt –66,7 °C. I dette området vert det danna temperaturinversjonar kvar vinteren, der temperaturen stig med høgda.

Verkhojansk får lite nedbør med ein årleg nedbørsnormal på under 150 mm. Mesteparten kjem om sommaren og særs lite om vinteren, noko som er typisk for mange busetnader med kontinentalklima.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Verkhojansk