Lesja prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 62°6′32″N 8°51′15″E

Lesja prestegard
Foto: Jan-Tore Egge

Lesja prestegard eller Hov prestegard ligg sør for Lesja kyrkje. Hov-namnet har lengst tradisjon og viser til ein førkristen kultstad. Mellomalderkyrkjestaden var på austsida av prestegarden, men vart flytta kring midten av 1700-talet.

Hovudbygningen er eit lafta bygg i to etasjar oppført i 1822. Forpaktarbygningen er lafta av tømmer frå førre hovudbygning. Stabburet er frå 1812. Det fins ein stor driftsbygning i bindingsverk frå 1912, eit vognskjul i bindingsverk frå 1933 og elles smie og tørrstugu. Anlegget med sju bygningar er freda.

Jorda er forpakta bortt. Elles har prestegarden ei seter på Sjong, der Lesja kyrkjelyd har innreidd sportskapell i løa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]