Lesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lesse
elv
none  Lesse i Han-sur-Lesse
Lesse i Han-sur-Lesse
Land Flag of Belgium (civil).svg Belgia
Lengd 89 km
Kjelde Ardennane
Munning Maas
Wikimedia Commons: Lesse (river)

Lesse er ei elv i Ardennane i Belgia, og ei av sideelvene til Maas frå høgre.

Ho har sitt utspring nær Libramont-Chevigny i den belgiske provinsen Luxembourg. Lesse renn stort sett nordvestover, og nær Han-sur-Lesse går heile elva under bakken og gjennom nokre kalksteinsgrotter. Mange av grottene langs breidda av Lesse er viktige arkeologiske stader, og desse inkluderer Trou de Chaleux (av Cirque de Chaleux), og Trou des Nutons og Trou du Frontal ved Furfooz. Lesse munnar ut i elva Maas ved landsbyen Anseremme i kommunen Dinant. Landsbyar langs Lesse er Daverdisse, Han-sur-Lesse, Houyet og Anseremme.