Let It Go

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Let It Go
Song av Idina Menzel
frå albumet Frozen
Utgjeve 25. november 2013
Innspelt 2012 (piano, vokal)
2013 (rytmar, orkester)
Selskap Walt Disney Records
Komponist Kristen Anderson-Lopez, Robert Lopez
Tekstforfattar Kristen Anderson-Lopez, Robert Lopez
Låtskrivar(ar) Kristen Anderson-Lopez
Robert Lopez

«Let It Go» er ein song frå 2013-filmen Frozen, som er skriven og komponert av Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez. Idina Menzel syng songen i originalutgåva av filmen, i stemmerolla si som dronning Elsa. Anderson-Lopez og Lopez komponerte òg ein singelversjon, med kortare songtekst og bakgrunnskor, som var framført av Demi Lovato i byrjinga av rulleteksten til filmen. Ein musikkvideo vart seinare utgjeven for denne versjonen.

Songen presenterer ei utfrosen dronning Elsa, som forlèt kongedømmet sitt når den ukontrollerbare evna hennar til å skape is er oppdaga av innbyggjarane. Oppe i fjella og vekke frå ålmenta, innser Elsa at ho ikkje lenger treng å gøyme krafta si, og ho frigjer seg sjølv frå tyglane ho måtte halde ut med sidan barndommen. Ho frydar seg over å kunne bruke magien sin fritt, å kunne gi slepp ("let it go"). Utan denne hindringa verkar ho å ha meir kontroll over eigne krefter, og skapar ein levande snømann og eit praktfullt ispalass for seg sjølv i bu i. Songen inkluderer også at ho kastar frå seg hanskane, som foreldra gav henne for å kue kreftene sine, og tek av seg tiaraen og hiv han vekk, før ho like etter slår ut håret og legg om til den fletta hårstilen sin.

«Let It Go» nådde topp fem på Billboard Hot 100, og vann både Oscar for beste originale song i 2014 og Grammy Award for Best Song Written for Visual Media i 2015.[1] Songen selte 10,9 millionar kopiar i 2014, og vart dermed årets femte mestseljande song.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Show Bits: 'Frozen' Soundtrack Fires up With 2 Grammy Wins». ABC News. 8. februar 2015. Arkivert frå originalen 9. februar 2015. Henta 17. november 2019. 
  2. «IFPI publishes Digital Music Report 2015». International Federation of the Phonographic Industry. 14. april 2015. Arkivert frå originalen den 15. januar 2015. Henta 17. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]