Levanten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Levant)
Levanten

Levanten er eit noko unøyaktig definert område aust for Middelhavet, som historisk viser til området sør for Taurusfjella og nord for Den arabiske ørkenen, frå kysten i vest til øvre Mesopotamia i aust. Kaukasusfjella er ikkje med, heller ikkje Kilikia (no i Tyrkia). Sinaihalvøya er vanlegvis heller ikkje inkludert.

Levanten omfattar i dag Kypros, Israel, Jordan, Libanon, Nord-Kypros, Syria, Palestina, og ein del av det sørlege Tyrkia (tidlegare Aleppo vilajet).

Spire Denne geografiartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.