Taurusfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Taurusfjella (Toros Dağları)
fjellkjede
Demirkazik Crest of Aladag Mountains in Nigde Turkey.jpg
Demirkazık i provinsen Niğde
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Høgd 3 756 moh
Taurus-mountains.png
Wikimedia Commons: Taurus Mountains

Taurusfjella (tyrkisk Toros Dağları) er ei fjellkjede sør i Tyrkia, som skil kystregionen ved Middelhavet sør i Tyrkia frå det sentrale Anatoliaplatået. Systemet strekkjer seg langs ei kurve frå Eğirdirsjøen i vest til dei øvre områda av Eufrat og Tigris i aust. Dei er ein del av Det alpide beltet i Eurasia.

Fjella har mange toppar over 3 000–3700 moh og kan delast inn i fire mindre fjellkjedar:[1]

Det høgaste punktet i dei sentrale Taurusfjella er Demirkazık på 3756 moh.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein funnstad frå bronsealderen syner spor etter tinngruver ved Kestel.[2] Passet som i antikken vart kalla Dei kilikiske portane kryssar fjella nord for Tarsus. Under første verdskrigen vart det bygd eit tysk-tyrkisk jernbanesystem gjennom Taurusfjella, og dette vart eit viktig strategisk mål for dei allierte. Denne regionen vart spesifikt nemnd som eit strategisk kontrollert mål som skulle overgjevast til dei allierte i våpenkvilen som enda fiendskapen mot Det osmanske riket.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I Aladaglar- og Bolkarfjella har kalkstein erodert og danna karstiske landskap med fossar, undergrunnselvar og somme av dei større grottene i Asia. Manavgatelva spring ut frå sørsida av Beydaglarifjella.[4]

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til turgåing og fjellklatring,[1] er det to vintersportstader i fjella, ein ved Davras kring 25 km frå dei næraste to byane Egirdir og Isparta, og ein ved Saklıkent, 40 km frå byen Antalya.

Vardaviadukten, langs jernbanelinja mellom Konya og Adana ved landsbyen Hacıkırı i provinsen Adana, er ei 98 meter høg jernbanebru som vart bygd i 1910-åra av tyskarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 "Mountaineering in Tyrkia" All About Tyrkia
  2. Yener, K.A. (2000) The Domestication of Metals: The Rise of Complex Metal Industries in Anatolia Brill, Leiden, ISBN 90-04-11864-0
  3. Price, Ward (16 December 1918) "Danger in Taurus Tunnels" New York Times
  4. «Manavgat River Water as a Limited but Alternative Water Resource for Domestic Use in Middle East» (PDF). Henta 8. august 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [1] Kart over Eurasia i Taurusfjella

Koordinatar: 37°00′N 33°00′E