Hopp til innhald

Lhasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lhasa
by
Land  Folkerepublikken Kina
Region Regionen Tibet
Høgd 3 490 m
Areal 29 634,01 km²
Folketal 867 891 (2020)
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Retningsnummer 850000
Kart
Lhasa
29°38′45″N 91°08′27″E / 29.6457567°N 91.1408186°E / 29.6457567; 91.1408186
Kart som viser Lhasa.
Kart som viser Lhasa.
Kart som viser Lhasa.
Wikimedia Commons: Lhasa (prefecture-level city)

Lhasa nokre gonger kalla Llasa, er den tradisjonelle hovudstaden i Tibet. Byen er no hovudstad i Tibet-regionen i Folkerepublikken Kina. Byen er i tillegg tradisjonelt hovudsetet til Dalai Lama.

Lhasa tyder «staden til gudane». Byen ligg kring 3650 meter over havnivå og er med det ein av dei høgstliggjande byane i verda.

Lhasa i Lhasadalen i Tibet.
Potalapalasset i Lhasa.
Lhasa
Kinesisk namn
Forenkla kinesisk拉萨
Tradisjonell kinesisk拉薩
Hanyu-pinyinLāsà
Bokstaveleg tyding(tibetansk) ‘Gudestaden’
Også kjend som
Forenkla kinesisk逻些
Tradisjonell kinesisk邏些
Hanyu-pinyinLuóxiē
Tibetansk namn
Tibetanskལྷ་ས་

Den andre keisaren av Tibet, Songtsen Gampo, skal ha gjort Lhasa til hovudstad. Andre kjelder syner at landet vart styrt frå fleire byar, som skifta mellom å vera hovudstad.

I den første delen av 1900-talet kom fleire vestlege oppdagarar til byen. Mellom desse var Francis Younghusband, Alexandra David-Néel og Heinrich Harrer. I utgangspunktet var Lhasa ein heilag og lukka by, stengd for framande. I 1950-åra gjorde kinesrane seg stadig sterkare gjeldande, og ved hjelp av militære styrkar fekk dei styringa over Tibet. Frå 1959 har tibetanarar i eksil, leia av den fjortande Dalai Lama oppretthalde ei eksilregjering.

Potalapalasset er definert av UNESCO til å stå på verdsarvlista for kulturminne. Andre viktige bygg er Jokhang, Norbulingka, Drepung-klosteret og Sera-klosteret.

Ein 1080 km lang jarnveg, Qinghai-Tibet jarnvegen til Lhasa er under bygging.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lhasa