Hopp til innhald

Li Xiaoshuang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Li Xiaoshuang
Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 1. november 1973 (50 år)
Xiantao
Idrett turn
Tok del i

Asialekene 1994, Asialekene 1990, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Li Xiaoshuang (fødd 1. november 1973) er ein kinesisk tidlegare turnar frå Xiantao. Han vart verdsmeister i 1995 og olympisk meister i 1996. Li vann også OL-gull i frittståande i 1992 og VM-gull i lagkamp i 1994 og 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Li var med på det kinesiske turnlandslaget frå 1991 til 1996. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona gjekk han til topps i frittståande, dessutan fekk han sølv i lagtevlinga og bronse i ringar. To år seinare var han med i det kinesiske mannskapet som i Dortmund tok VM-gull i lagkampen. I turn-VM 1995 i japanske Sabae sigra Li i så vel mangekamp som i lagkamp. Under dei olympiske sommarleikane 1996 i Atlanta var han på ny bestemann i mangekampen. Han fekk eit nytt OL-sølv i lagkampen, tok også sølv i frittståande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]