Liao He

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liao He
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Liao He
40°40′9″ N 122°8′56″ E
Liao He, med elva sitt nedslagsfelt i gult
Liao He, med elva sitt nedslagsfelt i gult
Liao He, med elva sitt nedslagsfelt i gult
Wikimedia Commons: Liao River

Liao He (kinesisk skrift 遼河) er den største elva i det sørlege Mandsjuria i Kina. Ho er 1 345 km lang. Liao He har eit nedlagsfelt på i kring 232 000 km², men tømmer berre om lag 500 kubikkmeter vatn i sekundet ut i havet. Både provinsen Liaoning og Liaodong-halvøya har namn etter elva.

Liao He har to større sideelvar. Den eine, Laoha He, har sine kjelder i fylket Pingquan i provinsen Hebei. Den andre, Dongliao He, kjem frå aust i frå fjella i det sentrale Liaodong og provinsen Jilin, kjelda er i fylket Dongliao i Jilin. Laoha He og Dongliao He renn i hop i fylket Changtu i Liaoning, nær der Liaoning, Jilin og Indre Mongolia grensar mot kvarandre. Elva får frå åmotet namnet Liao He og renn sørover til Bohaibukta. På sin veg sørover tek ho opp i seg sideelvane Hun He og Taizi He, som begge flyt ned frå fjellkjeda Qianshan.

Ei rekke storbyar ligg ved Hun He; dei største er provinshovudstaden Shenyang og Fushun i Liaoning. Anshan ligg lenger sør og Yingkou nær munningen av Liao He.

Liksom Huang He fører Liao He med seg store mengder sedimentmasse ettersom ho mange stader renn gjennom område med løss. I 1958 endra ho løp, noko som har hendt mange gongar i løpet av kjent historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]