Hebei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For distriktet Hebei i Tianjin, sjå Hebei i Tianjin.
Hebei
河北
Uttale
Den kinesiske muren ved Jinshanling i Hebei
Den kinesiske muren ved Jinshanling i Hebei
Den kinesiske muren ved Jinshanling i Hebei
Plassering
Kart over Kina. Hebei er merka i raudt.
Kart over Kina. Hebei er merka i raudt.
Kart over Kina. Hebei er merka i raudt.
Styresmakter
Land Folkerepublikken Kina
Hovudstad Shijiazhuang
Leiar Xu Qin, Wang Zhengpu
Geografi
Flatevidd 202 700 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010[1])
   - folketettleik

71 854 210
  354,5 /km²
Tidssone UTC+8
Annan informasjon
Nettstad: http://www.hebei.gov.cn

Hebei er ein provins nord i Folkerepublikken Kina. Provinsen har ei flatevidd på 187 700 km² og eit folketal på 67,44 millionar. Provinsen grensar til Liaoning i nordaust, Indre Mongolia i nord, Shanxi i vest, Henan i sør og Shandong i søraust. Hebei omkrinsar fullstendig dei to byprovinsane Beijing og Tianjin. Shijiazhuang er hovudstad i provinsen.

Namnet Hebei (kinesisk skrift 河北; pinyin Héběi) tyder «nord for elva»[2] og viser til Huangelva, Huáng Hé.[3] Fram til 1928 heitte provinsen Zhílì, då han låg direkte under keisarhoffet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av det sentrale og sørlege Hebei ligg på den nordkinesiske sletta. Den vestlege delen av Hebei reiser seg opp i fjellområdet Taihang Shan, medan fjellrekka Yanshan går gjennom det nordlege Hebei, nord for fjella ligg grasmarkene i Indre Mongolia. Keisarkanalen går tvers gjennom det nordlege Hebei frå aust til vest, og er så vidt innom grensa til Beijing. Han endar ved kysten ved Shanhaiguan i det nordaustlege Hebei. Høgste fjelltoppen i provinsen er 2 882 meter høge Xiaowutai, nordvest i Hebei.

Nedslagsfeltet til Hai He dekker det meste av provinsens midtre og sørlege delar, medan Luan He sitt nedslagsfelt dekker områda i nordaust. Frårekna dei mange vassreservoara i åsane og fjella i Hebei, er Baiyangdian den største innsjøen. I aust endar Hebei mot Bohaibukta i Gulehavet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Hebei har eit kontinentalt monsunklima, med temperaturar på -16 til -3 °C i januar og 20 - 27 °C i juli. Årleg nedbørsmengd ligg mellom 400 til 800 mm, størstedelen kjem om sommaren.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2000 vart 95,65 % av innbyggarane i Hebei registrert som han-kinesarar. Største minoritestgruppa var mandsjuarane med 3,18 % av folketalet. Vidare kom det muslimiske huifolket med 0,78 %, mongolar 0,26 % og zhuangfolket med 0.03 %.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Hebei er ein av dei største landbruksregionane i Kina. I provinsen vert det dyrka fram store kornavlingar av kveite, mais, hirse og durra. Salsavlingar av bomull, tobakk, peanøtter, soyabønner og sesam vert produsert i stor stil. Hebei er elles kjent for sine kastanjar, valnøtter, dadlar, mandlar, hagtornbær, druer, fersken og pærer. Mykje av fruktdyrkinga finn stad i fjelldalane eller i skråningane opp mot fjellområda. Husdyrhaldet er omfattande, med dyr som hest, sau, storfe, esel, svin og fjørfe.

Provinsen har dei største oljefelta i Nord-Kina, og det er store jarngruver i Handan og Qian'an. Kailuan har ei 100 år gammal soge som gruveby, men er framleis ei stor gruve med ein årleg produksjon på over 20 millionar tonn. Større mengder kopar, bly og sink vert utvunne, elles noko mangan, gull, asbest, fosfor, kalk og marmor. Langs kysten er det saltproduksjon. Dei rike mineralske førekomstane dannar grunnlaget for mykje industri i eit område som omfattar både Tangshan og hamnebyen Qinhuangdao i nordaust, Baoding og Shijiazhuang i sørvest, og i Beijing og Tianjin.

Hebei er mykje industrialisert, mange av industribedriftene er statlege. Industrien omfattar store jarn- og stålverk, petrokjemisk industri, maskinindustri, tekstilindustri, sement- og keramikkindustri og næringsmiddelindustri. Langs kystbeltet er det gjennom tiår bygd opp tungindustri som forsyner lettindustrien og næringslivet i storbyar som Beijing og Tianjin.

Hebei har eit mykje utbygt transportnett. Provinsen ligg lagleg til for kontakt med hovudstaden Beijing og større delar av Nord-Kina. Mange nye vegar, jarnbaner, hamner og flyplassar er bygt dei seinare tiåra. Regionen har saman med Shanghai-regionen og Guangzhou-Hong Kong-regionen utvikla seg til å verte dei sterkaste økonomiske regionane i Kina.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Hebei er delt opp i 11 einingar på prefekturnivå, alle er byprefektur.

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
1 Shijiazhuang 石家莊市 Shíjiāzhuāng Shì Chang'an
2 Baoding 保定市 Bǎodìng Shì Xinshi
3 Cangzhou 滄州市 Cāngzhōu Shì Yunhe
4 Chengde 承德市 Chéngdé Shì Shuangqiao
5 Handan 邯鄲市 Hándān Shì Hanshan
6 Hengshui 衡水市 Héngshǔi Shì Taocheng
7 Langfang 廊坊市 Lángfāng Shì Anci
8 Qinhuangdao 秦皇島市 Qínhuángdǎo Shì Haigang
9 Tangshan 唐山市 Tángshān Shì Lunan
10 Xingtai 邢台市 Xíngtái Shì Qiaodong
11 Zhangjiakou 張家口市 Zhāngjiākǒu Shì Qiaoxi

Dei 11 einingane på prefekturnivå er delt opp i til saman 172 einingar på fylkesnivå (36 distrikt, 22 byfylke, 108 fylke og 6 autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i 2 207 einingar på kommunenivå (eitt offentlrg distriktskontor, 937 bykommunar, 979 landkommunar, 55 etniske kommunar og 235 subdistrikt).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk keramikk frå Cishan-kulturen funne i Hebei.

Pekingmannen, ein variant av Homo erectus, levde på slettene i Hebei for rundt 200 000 til 700 000 år sidan. Funn frå yngre steinalder på den forhistoriske bustaden Beifudi er datert til 7 000 og 8 000 f.Kr.

I løpet av vår- og haustannaltida var Hebei underlagt to ulike statar, høvesvis Yan i nord, og Jin i sør. Eit nomadefolk kalla di invaderte slettene i Nord-Kina og etablerte riket Zhongshan i det sentrale Hebei. I løpet av krigarrika-tida var Jin delt, og mykje av Hebei-territoriet vart overteke av staten Zhao.

Qin-dynastiet samla Kina i 221 før vår tid. Han-dynastiet styrte i si tid området som to provinsar, Youzhou i nord og Jizhou i sør. Mot slutten av Han-perioden kom det meste av Hebei under kontroll av krigsherrar. Hebei låg sidan under kongeriket Wei.

Etter invasjonar i nord av nomadiske folk på slutten av det vestlege Jin-dynastiet, følgde kaos i Sekstenkongerika og under Nord- og Sør-dynasti-tida. Hebei, med si plassering ved Kina si nordgrense, var under kontroll av skiftande herskarar og rike i heile perioden. Det nordlege Wei-dynastiet samla Nord-Kina i 440, men området vart delt i to i 534. Hebei kom under den austre halvdelen, først austlege Wei og så nordlege Qi, som hadde hovudstaden sin på Ye, nær dagens Linzhang.

Under Tang-dynastiet vart området for første gong kalla Hebei. Tidleg i Fem dynasti og ti kongerike-tida vart Hebei splitta mellom fleire regime, men vart til slutt samla av Li Cunxu, som etablerte det seinare Tang-dynastiet. Det neste dynastiet, det seinare Jin-dynastiet (936–947) under Shi Jingtang, avstod mykje av dagens nordlege Hebei til Khitan Liao-dynastiet lenger nord. Sidan dette landområdet låg innanfor den kinesiske muren, hadde Kina det neste hundreåret vanskar med å forsvare seg mot Khitan.

Putuo Zongcheng-tempelet i Chengde, bygd på 1700-talet under Qianlong-keisaren.

Det mongolske Yuan-dynastiet delte Kina inn i provinsar, bortsett frå Hebei. Ming-dynastiet kalla området for Beizhili, og styrte det direkte frå den keisarlege hovudstaden Beijing. Under Qing-dynastiet vart nordgrensa av Zhili utvida djupt inn i det som no er Indre Mongolia.

Qing-dynastiet kollapsa i 1912. Innan eit par år var Kina i borgarkrig, der regionale krigsherrar kjempa om makta. Sidan Zhili låg nær hovudstaden Beijing, vart mange krigar utkjempa i området. Zhiwankrigen, den første zhifengkrigen og den andre zhifengkrigen, var mellom dei største krigane. Med suksessen til den såkalla Nordekspedisjonen, Kuomintang sine angrep mot ulike krigsherrar, vart hovudstaden flytta frå Beijing til Nanjing. Namnet Zhili vart endra til Hebei, som eit resultat av at hovudstaden hadde vorte flytta og at området fekk provinsstyre.

Grensene for provinsen vart endra med opprettinga av Folkerepublikken Kina. Regionen rundt Chengde, tidlegare ein del av Reheprovinsen, og regionen rundt Zhangjiakou, tidlegare ein del av Chaharprovinsen, vart lagt til Hebei, som dermed fekk nordgrense nord for den kinesiske muren. Provinshovudstaden vart flytta frå Baoding til Shijiazhuang. Ei kort periode låg hovudstaden i Tianjin.

Den 28. juli 1976 vart Tangshan råka av eit kraftig jordskjelv. Jordskjelvet i Tangshan var det dødelegaste av alle jordskjelv på 1900-talet. Meir enn 242 000 menneske omkom. Ei serie mindre jordskjelv råka byen i det påfølgjande tiåret.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Wang Dongfeng. Guvernøren er Xu Qin (2020).[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. China: Provinces and Major Cities Citypopulation.de
  2. «Yellow bridge Chinese Dictionary». Yellow Bridge. Henta 15. april 2016. 
  3. 'Origin of the Names of China's Provinces' Arkivert 2016-04-27 ved Wayback Machine., People's Daily Online (kinesisk).