Liaoyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Liaoyang (gul) i Liaoning
Den kvite pagoden i Liaoyang

Liaoyang (kinesisk: 辽阳; pinyin: Liáoyáng) er eit kinesisk byprefektur i sentralt i provinsen Liaoning i det nordaustlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 4 731 km² og hadde mellom 1,8 og 1,9 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Liaoyang omfattar fem distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Liaoyang er ein viktig by for den nordaustkinesiske tungindustrien.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar i Dalian ved Gulehavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Liaoyang er ein av dei eldste i Nordaust-Kina, og var bygt allereie før Vår- og haustannaltida. Byen hadde ei stordomstid på 1100-talet og 1200-talet, under Liao-dynastiet og det jursjenske Jin-dynastiet, sistnemnde dynasti hadde sin austleg hovudstad her. Byen heitte då Dongjing. Under den russisk-japanske krig vart i 1904 slaget ved Liaoyangutkjempa i området, eit slag der dei russiske militærstyrkane leid eit stor nederlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]