Lied

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Schubertiade» var ein Liederabend som vart framført av Franz Schubert med komponisten ved klaveret. Oljemåleri av Julius Schmid (1897)

Lied (tysk for «song», fleirtal Lieder) er eit omgrep som på norsk dekker den tyske kunstvisetradisjonen. Den tyske liedertradisjonen er særleg konsentrert om musikken, ofte til tekstar av eit enkelt folkeleg preg. Som oftast er dei komponert for song og klaver.

Det finst tre former for lied:

  • Gjennomkomponert form
  • Strofisk form
  • Variert strofisk form

Det er særleg komponistar frå 1800-talet som har prega sjangeren, med Franz Schubert, Robert Schumann og Johannes Brahms som dei viktigaste. Sist i hundreåret medverka særleg Gustav Mahler og Richard Strauss til tradisjonen.