Lierelva i Akershus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kulp i Lierelva like nedanfor Lierfossen.
Lierfossen i Lierelva.

Lierelva i Aurskog-Høland i Akershus er ei elv i Haldenvassdraget som strekkjer seg frå Floen (Ulviksjøen) i nord til Bjørkelangen (Bjørkelangensjøen) i sør. Utanom fossefallet ved Lierfoss og den nordlegaste strekninga nærast Floen har elvestrekninga lågt fall og elva meandrer seg gjennom botn av hovuddalføret i Aurskog. I tidlegare tider hadde elva ein rik bestand av edelkreps. Tidlegare var ho òg viktig for tømmerfløyting. Sør for Lierfoss er elvestrekninga prega av senkninga i Bjørkelangen på midten av 1900-talet, ved at elveløpet har grave seg ned til eit lågare nivå med bratte leirskråningar som resultat.