Lietava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lietauka
elv
Lietava001.jpg
Lietava
Land Flag of Lithuania.svg Litauen
Lengd 11 km
Kjelde Nær Upninkai
Munning Neris

Lietava
55°1′29″ N 24°27′30″ E
Wikimedia Commons: Lietava

Lietava, Lietauka eller Letauka er ei lita elv i Litauen som ein meiner kan ha gjev namn til landet.[1] Ho er 11 km lang og ei av sideelvane til Neris, som ho renn ut i om lag 30 km frå Kernavė, som kan ha vore den første hovudstaden i Storfyrstedømet Litauen. Ho renn gjennom eit myrlendt område og det har ikkje vorte oppdaga viktige arkeologiske funn ved breidda.[2] Dei fleste språkforskarar er einige om at Litauen (Lietuva) og namnet på elva i det minste er i slekt og kanskje kjem frå det litauiske verbet lieti (å renne over).[3] Sidan mange namn i indoeuropeiske språk kjem frå hydronym leita forskarane etter ei vassmasse med liknande namn. Kazys Kuzavinis identifiserte Lietauka som ein mogeleg kandidat og hypotesen vart raskt populær.[3] Det opphavleg namnet på Lietauka må ha vore Lietava, som vart slavifisert av dei gammaltruande som vart kasta ut av Det russiske riket og som slo seg ned ved breidda av elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lithuania's name». Seimas. Henta 24. januar 2007. 
  2. Tomas Baranauskas (2002). «Prie Lietuvos vardo ištakų». Voruta. 4 (502). Henta 1. januar 2007. 
  3. 3,0 3,1 Simas Sužiedėlis, red. (1978). Lietuva. Encyclopedia Lituanica. III. Boston, Massachusetts: Juozas Kapočius. s. 336–337. 74-114275.