Lille Petter Edderkopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barnehage som framfører «Itsy Bitsy Spider».

Lille Petter Edderkop er eit gammalt vers av ukjent opphav og med melodi av ein ukjend komponist. Det er ein populær barnesong med handrørsler som finst på mange språk, t.d. er den engelske tittelen «Itsy Bitsy Spider».

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Video av den engelske «Itsy Bitsy Spiter» med rørsler.
Framføring av «Insey Winsey Spider» med eit barn.

Den norske teksten er:[1]

Lille Petter Edderkopp han klatret på min hatt.
Så begynte det å regne og Petter ned han datt.
Så kom solen og skinte på min hatt.
Da ble det liv i Petterkopp som klatret på min hatt.

Den danske teksten er:

Lille Peter Edderkop,
kravlede op ad muren.
Så kom regnen
og skyllede Peter ned,
Så kom solen
og tørrede Peters krop.
Lille Peter Edderkop
kravled' atter op.

Den engelske versjonen kan heita «Itsy Bitsy Spiter» eller «Insey Winsey Spider». Ein vanleg tekst er:

The itsy bitsy spider climbed up the waterspout.
Down came the rain
And washed the spider out.
Out came the sun
And dried up all the rain
And the itsy bitsy spider climbed up the spout again.

Handrørsler[endre | endre wikiteksten]

Til songen kan ein framføra handrørsler som illustrerer teksten:

  • Når Lille Peter Edderkopp kryp opp, set ein hendene parvis mot kvarandre med peikefinger mot tommel og bytter fingrar slik at dei lagar ei «kravlerørsle» medan ein fører hendene oppover.
  • Når regnet skyler Peter ned, blir alle fingrane brukte som regndråpar som fell mot jorda.
  • Når sola kjem fram, teikner ein ei sol med begge armar i ein stor sirkel framfor kroppen.
  • Når sola tørkar Peter, held ein armane om kroppen som i ein varm klem
  • Når Peter kravlar opp igjen, gjentar ein kravlerørsla med fingrane.

Eldre utgåver[endre | endre wikiteksten]

I boka Camp and Camino in Lower California frå 1910[2] blir songen omtalt som den klassiske «Spider Song».[2] Songen nyttar banneorda «blooming, bloody» i staden for «itsy bitsy», og edderkoppen klatrar opp ein spindelvev i staden for eit røyr, som i seinare versjonar. Ein av dei nyare versjonane blei gjeven ut i Western Folklore av California Folklore Society i 1948,[3] Mike og Peggy Seeger si American Folk Songs for Children (1948).[4]

Teksten til «Spider Song» frå 1910:[2]

Oh, the blooming, bloody spider went up the spider web,
The blooming, bloody rain came down and washed the spider out,
The blooming, bloody sun came out and dried up all the rain,
And the blooming, bloody spider came up the web again.

Ein litt annan versjon dokumentert frå Indiana i 1909 frå eit college har liknande handling som nyare versjonar, men meir banning:[5]

There was a blooming spider
Went up a blooming spout
And down came the rain
And washed the spider out
Out came the sun
And dried up all the rain
But that bloody blooming son of a gun
Went up that spout again

Avleidde verk[endre | endre wikiteksten]

Knud Pheiffer skreiv ein tekst med melodi av Erik Deneke der han har sette inn «Lille Peter Edderkop» som siste vers. Denne teksten kom fyrst ut i 1948, og har sidan kome ut i fleire utgåver. Pheiffers brukte Lille Peter Edderkop som moral på ei historie om å møta motgang med pågangsmot. Hans eigen tekst er på 11 vers med 8 linjer kvar.

I songen dreg Peter verda rundt, spinn eit vev på ein skyskrapar i Amerika, møter indianarar, lir skipsforlis og vitjer Upernavik, og i 12. vers kravlar Peter så opp muren, blir skylt ned, tørka og kravlar opp att.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn ei rekkje gonger, mellom anna av:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lille Petter Edderkopp - Norway», Mama Lisa's World of Children and International Culture, henta 25. september 2023 
  2. 2,0 2,1 2,2 North 1910.
  3. Hansen, Marian. "Children's Rhymes Accompanied by Gestures," Vol. 7, No. 1, p. 53
  4. Vaughan Williams Memorial Library Online search Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine., henta 19. august 2010.
  5. «Evening Session, Thursday, February 15, 1912». Proceedings of the Convention of the Indiana Sanitary and Water Supply Association – Proceedings of the Fifth Annual Convention. 15–16 February 1912. s. 105. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lille Petter Edderkopp