Upernavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Upernavik
by
Upernavik town aerial 1 2007-07-11.jpg
Land Flag of Greenland.svg Grønland
Region Avannaata kommune

Upernavik
72°47′2″ N 56°9′2″ W
Wikimedia Commons: Upernavik

Upernavik ('Staden ein er om våren') er ein grønlandsk by i Avannaata kommune. Han ligg på ei øy med same namn ved Baffinbukta i det nordlegaste Vestgrønland. Det bur omlag 1 124 menneske i byen, noko som gjer han til ein av dei største byane på Grønland, og kring 1 677 i dei ni bygdene rundt han (2014).[1] Upernavik var hovudbyen for den tidlegare Upernavik kommune, som hadde eit areal som nesten var like stort som Storbritannia.

Byen er vennskapsby med Odense.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Upernavik ligg på ei av dei mange øyane som ligg sør for Upernavik Isfjord. På øya Qaarsorsuaq så sør for Upernavik ligg det 1 041 m høge fjellet Sandersons Hope.

Heile området er kjent for fuglefjella sine og det rike fugle- og dyreliv. På Upernavikøya ynglar m.a. polarlomvie, lunde og teist i dei steile klippeveggane. Berget i området består hovudsakleg av gneis, granitt og syenitt. Gneisen er fleire stader sterkt folda og mangefarga. I den sørlege delen av området er basalten dominerande, og ein ser nokre stader formasjonar av basaltpilarar.

Midnattssol og mørketid vekslar i ein årleg syklus med midnattssol frå byrjinga av mai til byrjinga av august. Mørketida strekker seg frå byrjinga av november, då sola syner seg for siste gong, til byrjinga av februar. Overgangane skjer ikkje plutseleg; dagane blir merkbart lysare eller mørkare frå dag til dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1772 grunnla Andreas Bruun kolonien Upernavik på den sørlege delen av Upernavik Øy, der havet uansett vêr alltid var roleg. Upernavik var staden ein drog til om våren når isen braut opp; dels for å handla og dels for å fiska og drive fangst på det opne havet. Dette gav han namnet Upernavik ('Vårplassen').

For grønlendarar som allereie budde på staden blei det ein overgang til eit heilt nytt samfunn. Men dei danske innbyggjarane i kolonien leid av kulde og av svolt når forsyningane med skip ikkje kom, noko som skjedde fleire gonger. Danskane forlet derfor kolonien att. I 1823 blei handelen i området gjenoppretta, og Upernavik fekk status som et udsted (mindre handelsstad) under kolonien Godhavn. I 1826 blei staden sjølvstendig koloni.

Næringsgrunnlaget var basert på tradisjonell fangst. Sel, kval, fisk og fugl utgjorde hovuddelen av maten til befolkninga, og ein laga klede av skinnet til ulike fangstdyr. Ein viktig fugl ein fanga var lomvi, som framleis ynglar på to store fuglefjell i området. Både fuglane og egga deira blei brukte til mat. Rundt 1920 tok ein til å fiska etter blåkveite, men fiskeriet kom fyrst i gang på 1980-talet. Deretter ville ikkje lenger skildra Upernavik som eit fangstsamfunn, men som eit fiskarsamfunn.

Det er ikkje gjort særleg mykje arkeologisk utforsking i området rundt Upernavik, så lite er kjent om dei fyrste steinalderkulturane i området. Det har better vore to organiserte utgravingar her, men til gjengjeld er mange av dei tidlegare vinterhusa frå Thule-kulturen framleis synlege. På Upernavik øy ligg det fleire hustomter, og med båt er det muleg å besøka fleire tidlegare buplassar frå 1600- og 1700-talet.

På øya Kingittorsuaq rundt 20 km nord for Upernavik fann ein i 1824 ein liten runestein, som så blei gjeven til Nationalmuseet i København. Runesteinen vitnar om nordbuane sine reise langt mot nord i Grønland.

Byen[endre | endre wikiteksten]

Radio Upernavik er ein lokalradio som sender til heile distriktet.

Upernavik kyrkje er frå 1926. Ho blei utvida i 1990 og har 300 sitteplassar. På alteret bak den sjuarma lysestaken står ei lita avstøyping av ein kristusfigur laga av Bertel Thorvaldsen. På kyrkjegarden i Upernavik ligg kona til lpolarforskaren Peter Freuchen, Navarana, gravlagd. Ho døydde under ein influensaedipemi i 1921 under den 5. Thule-ekspedisjonen. Grava er støypt i betong og er svært iaugefallande. Ettersom Navarana ikkje var døypt, nekta presten å gravlegga henne, og Peter Freuchen stod derfor sjølv for gravlegginga.

Prinsesse Margrethe Skolen er ein skule med plass til rundt 235 elevar frå 1. til 10. klasse.[2] Det finst også ein ungdomskule for elevar frå bygder i området i Upernavik.

Det finst ein supermarknad i byen som sel dei vanlegaste matvarene. Han verker også som krambu som sel ein del jernvarer, klede, fottøy, kosmetikk, strikkegarn, syutstyr og liknande.

Sjukehuset i byen blei bygt i 1996 på same stad, etter at det gamle hadde brunne ned. Sjukehuset fungerer både som akutteneste og som vanleg legepraksis. Det blir utført småbehandlingar og mindre operasjonar her. Det finst også ein tannlege her i kortare eller lengre periodar av året. Ved kompliserte sjukdommar eller behandlingar ein ikkje kan gjera lokalt blir pasientar overførte til Dronning Ingrids Hospital i Nuuk eller Rigshospitalet i København.

Byen har ein idrettshall som blei innvigd i 2006.

I den gamle bydelen ligg òg Upernavik museum. Det blir skildra som verdas nordlegaste friluftsmuseum og består mellom anna av den gamle kyrkja og den gamle landhandelen. Den gamle kyrkja blei oppført 1839 og er dermed den nest eldste eksisterande bygningen i Upernavik. Kyrkja blei utvida med eit kyrkjetårn i 1882. Bygningen blei også brukt som sysselrådssal i perioden 1925–1950. Då møtelokalet til sysselrådet stod tomt etter innføringa av kommunalstyring blei bygningen gjort om til museum på byrjinga av 1950-åra. Grunnsamlinga til museet består av kulturhistoriske gjenstandar frå den gamle fangstkulturen. I dei permanente utstillingane er det lagt vekt på tradisjonelle transportmiddel og fangstdyr. I tillegg har museet ei rekkje skiftande utstillingar.

Transport og næring[endre | endre wikiteksten]

Transporten rundt i distriktet føregår med private båtar eller helikopter. Upernavik lufthamn i utkanten av byen har ein landingsbane på 799 meter. Der er flysamband frå Kangerlussuaq lufthamn via Ilulissat til Upernavik. Reiarlaget Royal Arctic Line transporterer jamleg gods til og frå Upernavik.

Hovudnæringa er kveitefiske med langline og garn. Det blir òg drive jakt på sel, kval og isbjørn. Sjølv om Upernavik stadig ber preg av den gamle fangarkulturen, er det berre få att som livnærer seg som fangstfolk på fulltid. Mange driv likevel med fangst og fiske på fritida, og om helgene blir mange små motorbåtar brukte til dette.

Det blir nesten kvar dag selt grønlandsk proviant i Upernavik, som rå og tørka fisk, sel- og kvalkjøt, mattak o.a. på «Brædtet», som ligg midt i byen ved hovudgata framfor sjukehuset og aldersheimen. Staden er også ein samlingssted der ein utvekslar nyhende.

Det finst fleire gjestehus i byen. Det er også mogleg å overnatta her i telt.

Bygder i distriktet[endre | endre wikiteksten]

Kart over bygdene
  • Kullorsuaq
  • Nuussuaq
  • Nutaarmiut
  • Tasiusaq
  • Innaarsuit
  • Naajaat
  • Aappilattoq
  • Kangersuatsiaq
  • Upernavik Kujalleq

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistikbanken». Grønlands Statistik. Tabel BEDST4. Henta 11. mai 2014. 
  2. «Folkeskoler». Qaasuitsup Kommune. Arkivert frå originalen 10. desember 2013. Henta 11. mai 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Upernavik