Lille Storberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lille Storberg, fødd Anne Kristine Børresen, (fødd 30. januar 1945) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Kongsvinger som vart nordisk meister i handball 1967 og 1970 med Noreg. Ho vart norsk innandørsmeister 1967 og dobbeltmeister (innandørs og utandørs) i 1969 med Brandval Idrettslag.

Storberg spelte 55 kampar for det norske landslaget i tida 1965-71 og skåra 47 mål. Både i 1967 og 1970 høyrde ho med mellom dei viktigaste spelarane på det norske laget som vart nordiske meistrar. Ho spelte sine siste landskampar under Handball-VM 1971. Storbegr har «levert glimrende innsats i en rekke landskamper. Sterk som hun er gjør hun god nytte for seg i forsvaret, og lar seg nødig overliste».

Saman med Sigrid Halvorsen var Børresen/Storberg den sentrale duoen då Brandval IL i siste halvdelen av 1960-åra høyrde med mellom dei aller fremste handballaga på kvinnesida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]