Limbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå limbo (fleirtyding).
Framsyning med folkemusikk og limbodansarar på Trinidad

Limbo er ein tradisjonell danseleik som stammar frå den karibiske øya Trinidad. Under dansen blir ei horisontal stong sett opp mellom to vertikale stenger. Deltakarane skal dermed prøve å bukte seg under stonga med bøygde bein og bakoverbøygd overkropp utan å røre bakken med nokon annan kroppsdel enn føtene.[1] Deltakarar går ut dersom dei får stonga til å falle av eller kjem borti bakken. Etter at alle deltakarane har fullført sin tur, blir stonga fira noko ned.[2] Konkurransen held fram til berre ein deltakar står att.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «limbo». Det Norske Akademis ordbok. Henta 27. mai 2019. 
  2. «limbo - dans». Store norske leksikon. Henta 27. mai 2019.