Linfrø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Linfrø

Linfrø er frøet frå veksten lin som på grunn av det høge innhaldet av kostfiber og omega-3-feittsyrer (som òg finst i fisk) m.a. vert nytta i musli og baking. Ved kaldpressing til matolje vert det ei olje som vert rådt til å blandast med andre oljer pga. smaken.

Linfrø inneheld òg cyanogene glykosid, så for stor mengder er ikkje bra. Mattilsynet rår maksimum 1-2 spiseskjeiar linfrø om dagen.

I folkemedisinen vert linfrø sett på å vera bra som kur mot forstopping.

Mange gjev hestane sine linfrø. For at dette ikkje skal forgifta hesten skal linfrøet kokast og det overflødige vatnet hellast av. I handelen finst linfrøpellets og linfrøkake, som er klar til bruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]