Lingenau
Utsjånad

Lingenau er ein kommune i Bregenzerwald i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen, som høyrer til distriktet Bregenz, dekker eit areal på 6,88 km² og hadde over 1 400 ibuarar i 2016. Landsbyen Lingenau ligg 685 meter over havet.
Landbruk og turisme er hovudnæringane i kommunen. Heile 60 % av arealet er nytta til jord- eller skogbruk. 31 % av flatevidda i Lingenau er skogvaksen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lingenau» frå Wikipedia på tysk, den 30. april 2016.