Vorarlberg
| Vorarlberg | |||
| forbundsland | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Bregenz | ||
| Areal | 2 601,66 km² | ||
| Folketal | 411 784 (1. januar 2025)[1] | ||
| Språk | Tysk | ||
![]() Vorarlberg 47°18′N 9°54′E / 47.3°N 9.9°E | |||
| Wikimedia Commons: Vorarlberg | |||
Vorarlberg er eit forbundsland (Bundesland) i Austerrike. Hovudstaden er Bregenz, arealet er 2 601 km² og folketalet om lag 400 000. Vorarlberg ligg heilt vest i Austerrike, og har grense til Sveits, Liechtenstein og Tyskland.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Vorarlberg er skild frå forbundslandet Tirol av Arlbergpasset (1 793 moh), som òg er opphavet til namnet på forbundslandet («bortanfor Arlberg»). Største elvane i Vorarlberg er Rhinen (som dannar grense mot Sveits), Ill, Bregenzer Ach og Dornbirner Ach. Høgste fjelltoppen, Piz Buin, ligg på grensa mot Sveits.

Forvaltning
[endre | endre wikiteksten]Vorarlberg er delt opp i fire distrikt (Bezirk) som består av til saman 96 kommunar. Distrikta har namn etter forvaltningsstadene:
Soge
[endre | endre wikiteksten]Då Austerrike-Ungarn gjekk i oppløysing etter den første verdskrigen vart det heldt ei folkerøysting i Vorarlberg i 1919, som gav 80 % fleirtal for å søkja opptak i Sveits. Dette vart det likevel ingenting av, dels grunna ei nølande haldning frå sveitsisk side.¨
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.statistik.at/fileadmin/pages/405/Bev_Zeitreihe_Jahresbeginn_Gebietseinheiten.ods; vitjingsdato: 14. januar 2026.

