Links

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Links (frå tysk links, ‘venstre’) er eit adverb som blir bruka om handlingar som blir gjorde med motsett hand i høve til vanleg vis. Ein kan mellom anna skyte links (ha venstrehanda på avtrekkjaren); spela musikkinstrument links (stryke eller klimpre på strengene med venstrehanda). Av nolevande og tidlegare musikarar som spelar links kan nemnast barokkfiolinisten Reinhard Goebel (på grunn av yrkesskade), den venstrehendte norske felespelemannen Holger Aresvik og mridangam-spelaren Pazhani Subramanya Pillai.