Norsk folkemusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Norsk folkemusikk omfattar musikalske stilartar, danseformer og musikkinstrument som har vore brukt, tilpassa og utvikla av større delar av befolkninga i Noreg over lang tid.

Norsk folkemusikk representerer ikkje nødvendig den musikken som er mest utbreidd i befolkninga i dag, men blir gjerne brukt om stiltrekk som kan knytast opp mot ulike geografiske område eller namngitte spelemenn.

Omgrepet representerer òg ein dragkamp om verdiar som er knytt til tradisjon, etnisk og nasjonal identitet, og som er stadig gjenstand for kontroll, seleksjon og utvikling over tid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst restar og avbildingar av musikkinstrument heilt attende til bronsealderen og vikingtida i Noreg, mellom anna lur, horn, lyre og sekkepipe.

Dei første avskriftene av folkelege melodiar vart gjort på 1600-talet, men det var ikkje før på 1800-talet og framveksten av nasjonalromantikken at det vart starta ei systematisk innsamling av tradisjonsmusikk. Ole Bull sitt samarbeid med Myllarguten og nedteikningane til Lindeman var dei tidlegaste døma på dette.

Tidleg på 1920-talet var Landslaget for spelemenn danna, og med det vart kappleikssystemet formalisert, noko som framleis er høgst levande.

Frå 1970-talet og fram til i dag har det vore ei bølgje av nyorientering av den eldre musikken, der det har blitt blanda inn element frå pop og rock. I dei seinare åra, med framveksten av utdanningar innan folkemusikk, har det vorte eit større fokus på å utvikle folkemusikken med fokus på å danne eit idiomatisk folkemusikalsk uttrykk innan komposisjon og samspel, med utgangspunkt i folkemusikalsk teori og stilkunnskap.

Stilartar innan vokal folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Den vokale folkemusikken i Noreg omfattar ei rekkje stilartar og bruksområde. Ein stor del av tilfanget innan den vokale folkemusikken er det som kan reknast som religiøse folketonar, som ofte er eldre salmar på riksmål sunge på eldre melodiar. Bånsullar er òg svært godt dokumentert i alle landsdelar.

Dei meir alderdommelege formene av vokal folkemusikk omfattar sjangrar som mellomalderballade og stev. Det finst òg mange døme på vokalmusikk brukt under den gamle seterdrifta, slik som lokking, laling og huving.

Det finst òg ei rekkje ulike typar viser, slik som skillingsviser, bygdeviser og skjemteviser.

Stilartar innan instrumental folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Hovudvekta av den instrumentale folkemusikken er opphavleg dansemusikk. Dei to hovudsjangrane innan dansemusikken er bygdedans, der ein finn det som er rekna for å vere dei eldste formene, og runddans, eller gamaldans, som reknast for å vere nyare former.

Bygdedans[endre | endre wikiteksten]

Slåttar i tredelt takt[endre | endre wikiteksten]

Springar er den vanlegaste nemninga på eldre slåttar og dansetypar i tredelt takt. Taktslaga i ein springar varierer frå dei ulike regionane i landet, og har anten asymmetrisk takt eller udelt takt. Telespringaren i Telemark er eit døme på ein springartype med asymmetrisk takt, der det første taktslaget er lenger enn dei to siste. Valdresspringar har eit kort første taktslagt (kort einar) og lengre andre og tredje taktslag. Hallingspringar har taktslag med tilnærma lik lengd. Vestlandsspringaren er eit døme på ein springartype med udelt takt, der alle taktslaga har lik lengde og vekt. Springleik, rundom og pols er andre nemningar på eldre stilartar i tredelt takt.

Slåttar i todelt takt[endre | endre wikiteksten]

Gangar er den vanlegaste nemninga på slåttar i todelt takt. Døme på regionale variantar er telegangar og setesdalsgangar. På Vestlandet, spesielt i Hordaland brukast nemninga rudl. Bruremarsjane er òg i todelt takt.

Lyarslåttar[endre | endre wikiteksten]

Ein Lyarslått eller lyarlått er ein type slått som ikkje er meint for dans. Lyarslåttar har ikkje fast rytme, men er spelt i rubato. Slåtteforma er mest utbreidd i Valdres og i Gudbrandsdalen.

Instrument nytta i norsk folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Folkemusikk i media[endre | endre wikiteksten]

NRK - Folkemusikktimen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Gaukstad, Ø., Musikkleksikon, Universitetsforlaget, 1991.

Spire Denne folkemusikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.