Lisandro Guarcax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lisandro Guarcax (døydde i 2010) var ein guatemalansk artist, dansar og kunstnar av mayaopphav.

Guarcax var rektor ved ein skule i Chuacruz-distriktet. Han leia også artist- og kunstnargruppa Sotzil, som mellom anna vitja Riddu Riddu-festivalen i Noreg.

Den 25. august 2010 blei Guarcax kidnappa mens han sat i bilen til faren. Dagen etter blei han funnen drepen, med fleire tydelege merke etter vald og tortur på kroppen. Ingen er teken for brotsverket.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]