Guatemala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de Guatemala

(norsk: Guatemala, guatamalansk)

Det guatamalanske flagget Det guatamalanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Guatemala Feliz»
Motto Ukjent
Geografisk plassering av Guatemala
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Guatemala by
Styresett
Republikk
Álvaro Colom
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
108 889 km² (106.)
0,4 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
14 099 032 (70.)
129,5 /km² (55.)
Sjølvstende
Frå Spania
15. september 1821
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
70 310 mill. USD (80.)
5 200 USD (116.)
Valuta Quetzal
Tidssone UTC -6
Telefonkode +502
Toppnivådomene .gt


Republikken Guatemala er eit land i Nord-Amerika og grensar til Belize, El Salvador, Honduras og Mexico. Landet grensar i tillegg til Stillehavet i vest og det karibiske havet i aust.

Hovudstaden i landet er «Guatemala de la Asunción», òg kjent som Guatemala by. Guatemala vart uavhengig frå Spania i 1821, og vart ein del av Mexico. Etter eige sjølvstende vart landa styrt av ei rekkje diktatorar som var støtta økonomisk av United Fruit Company. På 1900-talet var det ein 36 år lang borgarkrig i Guatemala. I etterkant av krigen har Guatemala opplevd økonomisk vekst og politisk stabilitet, og gjennomførde demokratiske val i 2011.

Kart over Guatemala

Klima[endre | endre wikiteksten]

Dei høgareliggande områda i landet har langt friskare forhold enn dei lågareliggande og lumre områda i vest. Mange område i Sierrafjella her ligg på rundt 1500 m, som Guatemala by, der nattetemperaturane vanlegvis går under 15 °C om vinteren, og ofte under 18 °C sjølv på sommaren. Ettermiddagen har fine temperaturar året rundt, men det er for det meste skya frå mai til oktober, då det kjem ein god del regn kvar ettermiddag. Sommarregnet er lettast i dei sentrale områda av Sierrafjella, men ein kan få store nedbørsmengder i fjellsidene, særleg på nordsida av Sierra de los Cuchumatanes, og på sørsida av dei vulkanske fjella. Den lågareliggande regnskogen i Petén er lummer året rundt, bortsett frå sjøbrisen på kysten og eit par omgangar med kjøligare luft om vinteren som kan gje regn så langt sør som til det høgare området nær Coban.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Etter CIA World Fact book er 59% av folkesetnaden i Guatemala, mestisar, dvs. av spansk og indiansk herkomst. Europeisk opphav har ein liten del (>1%), hovudsakleg av spansk, men òg av italiensk, tysk, britisk og skandinavisk herkomst. Den indianske folkesetnaden inkluderer K'iche' 9,1%, Kaqchikel 8,4%, Mam 7,9% og Q'eqchi 6,3%. 8,6% av folkesetnaden vert rubrisert som «andre maya», 0,4% som innfødd ikkje-maya, slik at den innfødde delen av folkesetnaden utgjer samla 40,5% av den totale folkemengden.[1]

I året 1900 hadde Guatemala ein folkesetnad på 885 000.[2] På 1900-talet har landa vist ein særs raskt vekst.[3]

Gjennomsnittsalderen i Guatemala er 19,4 år, 18,9 for menn og 20 år for kvinner.[4] Dette er den lågaste gjennomsnittsalderen for noko land på den vestlege halvkula og kan bli samanliknas med dei fleste land i Sentral-Afrika og Afghanistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Førkolumbisk[endre | endre wikiteksten]

Dei første busetjingane i Guatemala går minst tilbake til 12000 f.Kr. Det finst kjelder for så langt tilbake som 18 000 f.Kr., slik som restar av spydspisser. [5] Den første folkesetnaden var jegerar og sankarar, men ved stillehavskysten er det funn som viser at dyrking av mais utvikla seg rundt 3500 f.Kr. [6] Stadar for meir permanente busetjingar har vorte daterte attende til 6500 f.Kr.

Arkeologar deler historia til den førkolumbiske perioden i Mesoamerika inn i den før-klassiske perioden (2000 f.Kr. til 250 e.Kr.), den klassiske perioden (250 til 900 e.Kr.) og i den kalistiske frå 900 til 1500 e.Kr.[7]

Den før-klassiske perioden har tradisjonelt vorte sett som ein formativ periode, der folkesetnaden bestod av bønder som budde i små landsbyar. Denne oppfatninga har vorte utfordra av nyare oppdagingar av meir monumental arkitektur frå denne perioden, slik som eit alter i La Blanca i San Marcos-regionen, frå ca. 1000 f.Kr., dei sermonielle stadane ved Miraflores og El Naranjo frå 801 f.Kr. og Nakbé, Xulnal, El Tintal, Wakná og El Mirador. El Mirador ser ut til å ha vore ein stor by, kanskje med 100 000 innbyggjarar. Pyramidane El Tigrar og Monos hadde kvar eit volum på meir enn 250 000 kubikkmeter.[8] Mirador hadde òg ein høg grad av politisk organisering, og vert nemnd som Kan-kongedømmet i gamle tekster. Det var 26 byar, alle forbunde ved vegar, nokre av dei fleire kilometer lange, som kan observerast frå lufta som klårt ulikt frå jungelen.

Tikal, mayaruinar

Den klassiske perioden fell saman med mayasivilisasjonen, og det finst ei rekkje stadar i Guatemala frå denne tida. Den største finst i Petén. Denne perioden vert karakterisert av sterk byggeaktivitet, politisk uavhengige bystatar og kontakt med andre mesoamerikanske sivilisasjonar.

Denne perioden varte til rundt 900 e.Kr., då[9] Mayaene forlét mange av byane sine i låglandet og mange døydde som ei følgje av tørke og matmangel.[10]

Mayasivilisasjonen deler mange trekk med de andre mesoamerikanske sivilisasjonane, noko som i høg grad kjem av kontakt og kulturell diffusjon. Framsteg slik som med skriftspråk, epigrapfi og mayakalenderen oppstod ikkje hos mayene, men dei videreutviklet desse framstega.

Koloni-perioden[endre | endre wikiteksten]

Calle del Arco i byen Antigua

Etter at Hernan Cortés hadde erobra Azteker-riket i 1521, sende han ut ein ekspedisjon sørover som oppdaga det folkeriket høglandet i Guatemala. Denne kontakten leidde til ein epidemi der store delar av den innfødde folkesetnaden døydde. Brørne Gonzalo de Alvarado og Pedro de Alvarado fekk i oppdrag å erobre dette område. Alvarado-brørne allierte seg med Kaqchikel-folket for kjempe mot k'iche'-folket, dei tradisjonelle rivalane deira. Alvarado underla seg seinare sine tidlegare allierte.[11] Etter erobringa vart fleire familiar av spansk herkomst leiande i Guatemala, med etternamn som de Arrivillaga, Arroyave, Alvarez de las Asturias, González de Batres, Coronado, Gálvez Corral, Mencos, Delgado de Nájera, de la Tovilla og Varón de Berrieza.[12]

I kolonitida var Guatemala ein del av Ny-Spania (Mexico). Sidan regionen ikkje var rik på edelmetall, i motsetnad til Mexico og Peru, vart han ikkje sett på som viktig. Dei viktigaste produkta var sukker, kakao, fargar og tresortar brukt til kunstprodukt.

Hovudstaden i landet i denne perioden vart flytt fleire gonger. I 1524 vart Villa de Santiago de Guatemala hovudstad. Etter eit angrep vart han flytta til Ciudad Vieja i 1527. I 1541 vart Antigua hovudstad etter at eit valdsamt vulkanutbrot og stormflod utsletta Ciudad Vieja. Antigua er i dag på UNESCO si verdssarvliste. Antigua vart øydelagt av jordskjelv i 1773–1774, og Kongen av Spania flytta så hovudstaden i 1776 til dagens Guatemala by.

Guatemala i nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Guatemala erklærde seg som sjølvstendig frå Spania den 15. septemberen i 1821 som ein del av keisarriket Mexico. To år seinare abdiserte keisar Agustín I, og Guatemala braut ut og vart ein del av den Sentral-Amerikanske Føderasjon (Federacion de Estados Centroamericanos). Føderasjonen vart oppløyst etter ein borgarkrig frå 1838 til 1840. Guatemalas Rafael Carrera var sentral i denne kampen. Han slo òg ned forsøk frå andre regionar på å erklære seg uavhengig. Guatemalas "Liberale Revolusjon" kom i 1871 under leiing av Justo Rufino Barrios, som ville modernisere landet. Han auka handelen og industriproduksjonen, og introduserte nye avlinger. Det var i denne perioden at kaffi vart ein viktig avling for Guatemala.

Frå 1898 til 1920 vart Guatemala styrt av diktatoren Manuel Estrada Cabrera, som vart støtta av United Fruit Company. Det var under hans presidentskap at United Fruit Company fekk stor innverknad i Guatemala. [13]

Utsikt over Antigua Guatemala, 2009

Den 4. juli 1944 vart diktator Jorge Ubico Castañeda tvunge til å gå av som følgje av massive protestar og generalstreik. Etterfølgjaren hans, general Juan Federico Ponce Vaides, vart eit par månader seinare avsett i eit statskupp leia av andre militære. Ca. 100 personar vart drepne i kuppet. Landa vart så leidd av ein militærjunta.

Militærjuntaen skreiv ut frie val. Dei vart vunne med eit fleirtal på 85 % av læraren Juan José Arévalo Bermejo, som hadde vore i eksil i Argentina i 14 år. Arévalo var den første demokratisk valde presidenten i Guatemala som vart sitjande heile valperioden. Under heile den kalde krigen støtta USA hæren i landet med pengar, våpen og utdanning.

I 1954 vart Arévalos valde etterfølgjar, Arbenz, felt gjennom eit kupp som Central Intelligence Agency stod bak. Bakgrunnen var USAs redsle for sovjetisk innverknad og landreformer.[14] Oberst Carlos Castillo Armas vart plassert inn som president i 1954 og var leiar fram til han vart myrda av vaktene sine i 1957. Det eksisterer omfattande bevis mot United Fruit Company (som endra namnet sitt i 1970 til Chiquita Brands International) som den sentrale aktøren i kuppet; landreformene til Jacobo Arbenz vart oppfatta som ein trussel mot interessene til selskapet i Guatemala, og dei brukte effektivt det direkte sambandet til Det Kvite Huset og CIA.

Calle Santander i Panajachel, 2009

På trass av skiftande presidentar heldt konfliktane fram. Ei geriljarørsle voks fram saman med væpna grupper for andre interesser, og det utvikla seg til ein regulær borgarkrig. I 1979 forbaud Jimmy Carter all støtte til hæren i Guatemala grunna systematiske overgrep og brot på menneskerettane. I perioden 197478 var Guatemalas president den norskætta Kjell Laugerud.

Guatemala by om kvelden

I 1980 okkuperte ei gruppe k'iche'-indianarar den spanske ambassaden i protest mot ei rekkje massakrar på landsbygda. Regjeringa svara med å angripe bygningen og brente henne ned.[15] Makthavarane påstod at indianarane sjølv hadde tent på. Den spanske ambassadøren, som overlevde, neitta for dette, og påstod at politiet med vilje hadde drepe nesten alle inne i bygningen for å skjule spora sine. Som ei følgje av dette braut Spania dei diplomatiske banda sine med Guatemala.

Etter eit regjeringsskifte i 1982 tok general Efraín Ríosar Montt over som president. Tortur, forsvinningar og overgrep heldt fram. Landet utvikla seg til å verte ein pariastat internasjonalt. Meir enn 45 000 personar rømde over grensa til Mexico. Ei geriljarørsle støtta av Cuba og sandinistane i Nicaragua fekk aukande støtte. Ríos Montt vart kasta av general Óscar Humberto Mejía Victores, som i 1986 skreiv ut demakratiske val. Desse vart vunne av Marco Vinicio Cerezo Arévalo.

I 1992 vart Rigoberta Menchú tildelt Nobels Fredspris for arbeidet sitt med å bringe internasjonal merksemd mot handsaminga av den innfødde folkesetnaden.

Marknaden i Chichicastenango, 2009

Borgarkrigen tok slutt i 1996 med ei fredsavtale forhandla fram av SN, der Noreg og Spania var involvert. Dette leidde til ei demobilisering av geriljastyrkane. I løpet av borgarkrigen hadde meir enn 450 maya-landsbyar vorte øydelagd og over 1 million menneske vorte flyktningar. Over 200 000 personar, hovudsakleg maya, hadde vorte drepne.[16] Sanningskommisjonen som vart oppretta slår fast at Staten Guatemala deltok i folkemord mot bestemde etniske grupper under borgarkrigen.[17] I 1999 erklærde Bill Clinton at USA hadde handla feil ved å støtte de militære styrkane som under borgarkrigen hadde delteke i brutale drap på sivilbefolkninga.[18] SNs rapportar har avdekt at 93% av brota på menneskerettane under borgarkrigen vart gjord av hæren eller av paramilitære grupper.[17]

I etterkant av fredsavtala har Guatemala gjennomført gjentekne demokratiske val, så seint som i 2011. Otto Pérez Molina, tidlegare general og leier for etterretninga, vart 2012 innsett som president i landet.[19] Guatemala har inngått frihandelsavtaler med dei andre sentralamerikanske landa, med USA og med Mexico.

Politikk og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Guatemalas departement

Guatemala er delt inn i 22 departement (departamentos) som vidare er delte inn i 331 kommunar (municipios).

  1. Alta Verapaz
  2. Baja Verapaz
  3. Chimaltenango
  4. Chiquimula
  5. El Petén
  6. El Progreso
  7. El Quiché
  8. Escuintla
  9. Guatemala
  10. Huehuetenango
  11. Izabal
  1. Jalapa
  2. Jutiapa
  3. Quetzaltenango
  4. Retalhuleu
  5. Sacatepéquez
  6. San Marcos
  7. Santa Rosa
  8. Sololá
  9. Suchitepequez
  10. Totonicapán
  11. Zacapa

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Økonomiske nøkkeltal Verd  % av BNP År, kjelde
BNP (vekst) (Verdensbanken) 2,6 % 2010, CIA World Factbook
Industriproduksjon
Konsumprisar
Renter 3 mnd
Arbeidsløyse 3,2 % 2005, CIA World Factbook
Handelsbalanse -4,61 mrd US$ 2005, UNDP Database
Betalingsbalanse -1,39 mrd US$ 2005, UNDP Database
Utviklingshjelp 0,25 mrd US$ 2005, UNDP Database
BNP per innb 5.200 US$ 2010, CIA World Factbook

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Guatemala». World Factbook. CIA. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/gt.html#People. Henta 2007-12-17. 
  2. «Population Statistics». Populstat.info. http://www.populstat.info/Americas/guatemac.htm. Henta 2010-06-01. 
  3. «Migration Information Statistics». Migrationinformation.org. http://www.migrationinformation.org/USfocus/display.cfm?ID=385. Henta 2010-06-01. 
  4. «CIA World Factbook, Guatemala». July 2011. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/gt.html. Henta 12. August 2011. 
  5. Mary Esquivel de Villalobos. «Ancient Guatemala». Authentic Maya. http://www.authenticmaya.com/ancient_guatemala.htm. Henta 2007-04-29. 
  6. Barbara Leyden. «Pollen Evidence for Climatic Variability and Cultural Disturbance in the Maya Lowlands» (PDF). University of Florida. http://ess.geology.ufl.edu/hodell/ICDP/Leyden.pdf. 
  7. «Chronological Table of Mesoamerican Archaeology». Regents of the University of California : Division of Social Sciences. http://weber.ucsd.edu/~dkjordan/arch/mexchron.html. Henta 2007-04-29. 
  8. Trigger, Bruce G. and Washburn, Wilcomb E. and Adams, Richard E. W. The Cambridge History of the Native Peoples of the Americas. 2000, side 212.
  9. Richardson Benedict Gill (2000).«The great Maya droughts: water, life, and death». University of New Mexico Press. s.384. ISBN 0-8263-2774-5
  10. Dr. Richardson Gill, The Great Maya Droughts (2000), University of New Mexico Press.
  11. Lienzo de Quauhquechollan digital map exhibition on the History of the conquest of Guatemala.
  12. Douglas R. White, The Marriage Core of the Elite Network of Colonial Guatemala (2002), [1] UC Irvine School of Social Sciences.
  13. Frederick Douglass Opie, Black Labor Migration in Caribbean Guatemala, 1882–1923,(University of Florida Press, 2009), kap. 2–3.
  14. Nicholas Cullather, Secret History: The CIA’s Classified Account of its Operation in Guatemala, 1952–1954 (Stanford University Press, 1999) s. 24-7, based on the CIA archives
  15. «Outright Murder». Time.com. 1980-02-11. 
  16. "Gibson film angers Mayan groups". BBC News. December 8, 2006.
  17. 17,0 17,1 «Conclusions: Human rights violations, acts of violence and assignment of responsibility». Guatemala: Memory of Silence. Guatemalan Commission for Historical Clarification. http://shr.aaas.org/guatemala/ceh/report/english/conc2.html. Henta 2006-12-26. 
  18. Babington, Charles (March 11, 1999). «Clinton: Support for Guatemala Was Wrong». Washington Post: s. Page A1. 
  19. Dagbladet.no: «Pensjonert general blir president i Guatemala» 15. januar 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Wikinyttportal



Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Guatemala
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Guatemala» på Wikipedia på bokmål/riksmål.